Middag på døra

Er du eller nokon du tek deg av, ikkje er i stand til å lage middag sjølv? Då kan du søkje om å få levert middag heim frå kjøkkenet ved Herøy og Myrvåg omsorgssenter.

Kven kan få levert mat?

Tilbodet gjeld eldre og personar med nedsett funksjonsnivå, som av ulike årsaker ikkje klarer å lage middag sjølve. Dersom du klarer å varme deg ferdigmat i mikroovn, er du ikkje i målgruppa for denne ordninga.

Kva kostar det?

 

Kommunestyret revurderer prisane ved kvart årsskifte. Du må avbestille innan klokka 12 dagen før, elles blir du fakturert som vanleg.

Middag på døra 2019
Utkøyring av mat Sal av middag i institusjon Fullkost
kr. 100 pr. middag Kr. 90 pr.middag Kr. 120 pr. døgn ( i heildøgns bemanna bustad)
Satsane vert justert årleg.

 

Fullkost er eit tilbod til dei som bur i heildøgnsbustad på Eggesbøtun. Fullkost-pakken inkluderer alle måltid slik:

  • Frokost ca. kl. 09.00
  • Middag ca. kl. 13.30
  • Kaffemat ca. kl. 16.00
  • Kveldsmat ca. kl. 18.30

Dersom du betalar fullkost og har behov for fleire måltid får du det. I tillegg vert det servert frukt og grønt.

Korleis søkjer du? 

Du søkjer i dette  søknadsskjemaet.

Når kan du vente svar?

Vi vil handsame søknaden din så fort som råd. Du får svar innan fire veker.

Kontakt

Elsebe Rindalsholt
seksjonsleiar Heimetenesta Ytre
E-post
Telefon 70 08 14 79
Mobil 992 10 059
Gry Dragsund-Vike
seksjonsleiar Myrvåg omsorgssenter avdeling A / heimetenesta indre
E-post
Telefon 70 08 49 55
Mobil 980 75 478