Omsorgsstønad

Du kan ha rett på omsorgsstønad dersom du har omfattande omsorgsoppgåver heime. Det kan vere omsorg gitt til både barn og vaksne, i alle livsfasar. 

Kven kan søkje?

Familiemedlemmar eller andre som utfører tenesta kan søkje.

Ved vurdering av søknad skal det særleg leggast vekt på fylgjande moment: 

· Om omsorgsarbeidet er meir fysisk eller psykisk tyngjande enn vanleg

· Om omsorgsabeidet inneber mykje nattarbeid eller avbrot i nattesøvn 

· Om omsorgsarbeidet skjer over tid eller i periodar 

· Om omsorgsarbeidet fører til sosial isolasjon og mangel på ferie og fritid 

· Om omsorgsarbeidet gjeld for meir enn ein person

 

Korleis søkjer du? 

Du søkjer ved hjelp av søknadsskjemaet som du finn her.

Når kan du vente svar?

Vi vil handsame søknaden din så fort som råd. Du får svar innan fire veker.

Kontakt

Gro-Anette Frøystad Voldsund
avdelingsleiar Tenestekoordinering
E-post
Mobil 908 02 649
Marit Dalsbø
konsulent Tenestekoordinering
E-post
Mobil 908 32 323
Tommy Dahl
Prosjektleiar Helesplattformen Søre Sunnmøre
E-post
Mobil 909 27 302