Parkeringskort

Har du ei funksjonshemming som gjer at du ikkje kan gå så langt? Da kan kanskje eit parkeringskort vere godt å ha. 

Kva er parkeringskort?

Parkeringskortet gir deg løyve til å parkere på merka parkeringsplassar nær hovedinngang og eventuelt heis. Kortet er personleg og kan nyttast både som sjåfør og passasjer. For å få vite meir om ordninga kan du lese: Forskrift om parkeringstillatelse for forflyttingshemma. 

Kven kan få parkeringskort?

Er du rørslehemma og berre kan bevege deg over ei avgrensa strekning, kan du søkje.

Ein institusjon kan søkje parkeringskort for bil som vert nytta for funksjonshemma. 

Korleis søkjer du?

Du søkjer på eige elektronisk søknadsskjema. Har du spørsmål om tenesta kan du ta kontakt med servicetorget. Elektronisk søknad for institusjon finn du her.

Kva kostar det?

Tenesta er gratis.

Kva skal ligge ved søknaden?

Du må legge ved erklæring frå lege (PDF, 120 kB) som fortel kvifor du har behov for parkeringskort. Dersom søknaden vert innvilga, treng vi eit bilete av nyare dato. Har du ikkje bilete å legge ved søknaden, kan du møte opp i servicetorget ved Herøy rådhus, og vi tek eit bilete av deg.

Når kan du vente svar?

Vi handsamar søknaden din så raskt som råd når utfylt søknad med foto og erklæring frå lege er innkome. 

Kontakt

Lene Utseth
servicevert/konsulent/personvernombod
E-post
Mobil 468 12 890
Wenche Moltu
servicetorgleiar
E-post
Mobil 489 59 590