Brukarstyrt personleg assistent BPA

BPA ( brukarstyrt personleg assistent) er ei ordning for deg som har stort behov for praktisk bistand. Ordninga medverkar til større ansvar for eige liv. I BPA-ordninga er du sjølv, eller nære pårørande, arbeidsleiar.

Kva er BPA?

BPA er ein alternativ måte å organisere desse tenestene på:

  • praktisk og personleg hjelp i dagleglivet
  • støttekontakt
  • avlasting for barn under 18 år

Ei god rettesnor er at det folk vanlegvis greier sjølv, kan også ein assistent gjere, så lenge det skjer på ein forsvarleg måte.

Kven kan få BPA?

Ordninga er meint for deg som har langvarig og stort behov for hjelp i kvardagen. Ordninga er meint for deg under 67 år, som har behov for hjelp meir enn 25 timar per veke.

Kva kostar det?

Tenesta er gratis, men nokre av tenestene som er inkludert i BPA-ordninga må du framleis betale for. Det gjeld timane som blir nytta til reinhald og klevask.

Ein skal betale kr. 380,- pr. time før ein går over til abonementsordning. Utgiftstaket på kr. 210,- pr. mnd. for brukarane med inntekkt inntil 2 G gjeld også her.
G Inntekt i kr. Timar Pris pr. mnd.
Inntil 2 G 193 766 210
Frå 2 til 3 G 290 649 Inntil 4 timar 1400
Frå 3 til 4 G 387 532 Inntil 5 timar 1750
Frå 4 til 5 G 484 415 Inntil 6 timar 2100
Over 5 G 484 415 Inntil 7 timar 2450

Korleis søkjer du?

Du søkjer i dette  søknadsskjemaet .

Når kan du vente svar?

Vi vil handsame søknaden din så fort som råd. Du vil få brev dersom det tek lenger tid enn fire veker.

Kontakt

Tommy Dahl
konsulent Tenestekoordinering
E-post
Mobil 909 27 302
Gro-Anette Frøystad Voldsund
avdelingsleiar Tenestekoordinering
E-post
Mobil 908 02 649