Støttekontakt

Ei støttekontakt kan bidra til ei meir meiningsfull fritid, sosialt samvær, venskapeleg hjelp og rådgjeving.

Støttekontakta tilbyr også følgje til ulike fritidsaktivitetar. Fritidstilbodet skal baserast på dine ønske, behov og forutsetningar. Praktiske gjeremål og transport er ikkje primære oppgåver for støttekontakta. 

Støttekontaktene må skrive under på at dei har teieplikt. Teieplikta gjeld også etter at støttekontaktperioden er avslutta.

I Herøy er støttekontaktordninga organisert med utgangspunkt i kvifor du treng støttekontakt, med ulike kontaktpersonar. For personar med utviklingshemming er Rita Remøy kontaktperson. For personar under 67 år er elles May Gunn Ertesvåg kontaktperson. For personar over 67 år er heimehjelpskoordinatorane i ytre og indre kontaktpersonar, Bente Remøy i ytre Herøy og Sonja Riise i indre. 

Kven kan få støttekontakt?

Støttekontakt vert tildelt personar og familiar som har behov for dette på grunn av nedsett funksjonsnivå, alder eller sosiale problem. Støttekontakt kan også tildelast dei som treng personleg hjelp for å ha eit sosialt og aktivt liv.

Kva kostar det?

Tenesta er gratis. Satsane for køyregodtgjersle tek utgangspunkt i kvar du bur i kommunen. Dette får du meir informasjon om når du får tildelt teneste.

Korleis søkjer du? 

Du søkjer ved hjelp av søknadsskjemaet som du finn her.

Når kan du vente svar?

Vi vil handsame søknaden din så fort som råd. Du får svar innan fire veker

Kontakt

May Gunn Ertesvåg
fagleiar Rus
E-post
Mobil 481 22 637
Rita Remøy
fagleiar heimetenesta / dagtilbod buhab
E-post
Telefon 70 08 46 66
Mobil 918 27 864
Bente Gunn Remøy
heimehjelpskoordinator heimetenesta ytre
E-post
Telefon 70 08 14 70
Sonja Gjerde Riise
heimehjelpskoordinator heimetenesta indre
E-post
Mobil 488 98 875