Borgarleg vigsel

Går dykk med planar om giftarmål og ynskjer borgarleg vigsel? Herøy kommune tilbyr vigsel på rådhuset eller andre stadar i kommunen etter avtale med dykk.

Kven kan få tenesta?  

De kan få gifte dykk i kommunen både som innbyggar og besøkande så lenge begge fyller krava til ekteskap i Norge.

Dersom ein av brudefolket er registrert i folkeregisteret som busett i kommunen, plikter kommunen å tilby vigsle.

Kva kan du forvente?

Ønskjer de ei orientering før du søkjer, kan du ta kontakt med Servicetorget. Har du bestemt deg, er det viktig at du leverer søknad til kommunen.

Når søknaden er levert vil de verte kontakta slik at den som skal vigsle dykk kan ta kontakt for å snakke om og avtale korleis vigsel skal gjennomførast.

I Herøy kommune kan desse utføre vigselen:

  • Ordførar
  • Varaordførar
  • Rådmann Olaus Jon Kopperstad
  • Kommunalsjef samfunnsutvikling Jarl Martin Møller

Så langt råd er vil ein prøve å gjennomføre seremonien etter brudefolket sitt ønskje for stad og innhald i seremonien.

Kva kostar det?

Er ein av brudefolket busett i Herøy vil det vere gratis å gifte seg på rådhuset i opningstida. For vigsle utanom opningstid, og/eller dersom begge er tilreisande, har vi desse prisane: 

Borgarleg vigsle - betalingssats
Vigsling laurdag, sundag og heilagdag: Vigsling av tilreisande
1500,- 1000,-

 

Korleis får du tenesta/korleis søkjer du?

Skal de gifte dykk er det viktig at de leverer søknad til kommunen i eige elektronisk skjema.

De må også levere søknad om prøvingsattest til skatteetaten. Kommunen må ha motteke denne frå dykk eller frå skatteetaten direkte før vigsle kan gjennomførast.

Skatteetaten har ein god hjelpar i ekteskapet steg for steg. Her kan du følgje den formelle prosessen for korleis ein inngår ekteskap i Noreg.

Når kan du vente svar?

Vigslar vil ta kontakt med dykk så snart som råd etter at søknaden er komen inn til kommunen. Vi vil gje dykk eit endeleg svar når prøvingsattest er motteken.

Når vigsle er gjennomført vil de få kopi av ein midlertidig vigselattest. Endeleg vigselattest vil verte sendt ut av skatteetaten.

Anna som kan vere nyttig å vite for brudefolket:

Kontakt

Wenche Moltu
Servicetorgleiar
E-post
Mobil 489 59 590
Lillian Haddal
Vikar informasjonskonsulent /Servicevert
E-post
Mobil 481 88 613
Dina Voldsund Djupvik
Servicevert/konsulent
E-post
Mobil 468 51 326
Lene Utseth
Servicevert/konsulent
E-post
Mobil 468 12 890
Susann Fosnavåg
Servicevert/Konsulent
E-post
Mobil 468 30 212