Følgjekort

Har du nedsett funksjonsevne og har behov for følgje på ulike arrangement, kollektivreiser og/eller fritidsaktiviteter kan du få følgjekort.

Ordninga er eit ledd i ei kjede av tiltak for å førebygge isolasjon og gi auka livskvalitet til enkeltpersonar med nedsett funksjonsevne.

Kven kan få følgjekort?  

Nedre aldersgrense for å få følgjekort er normalt 8 år. For å få tenesta må du ha ei funksjonshemming som varer i to til 3 år. Har du spørsmål om ordninga kontakt servicetorget.

Kva kan du forvente?

Har du følgjekort vil personen du har med få fri tilgang til offentlege kultur- og fritidsarrangement og offentlege transportmiddel som du ikkje kan delta på utan følgje.

Enkelte private aktørar for ulike arrangement aksepterer også ordninga.

I tillegg kan du forvente at kommunen handsamar din søknad  etter gjeldande retningsliner. (PDF, 43 kB)

Kva kostar det?

Det er ikkje gebyr for å få handsama din søknad. Kortet du får er også gratis.

Korleis får du tenesta/korleis søkjer du?

For å få tenesta må du levere søknad der du legg ved passfoto og uttale frå lege eller anna helsepersonell som fortel om du treng følgje.

Har du ikkje passfoto å legge ved kan du sende oss eit bilete på e-post eller møte opp i Servicetorget slik at vi kan ta bilete av deg.

Når kan du vente svar?

Etter at kommunen har motteke det ein treng av dokumentasjon vert saka handsama omgåande.

Kontakt

Lene Utseth
Servicevert/konsulent
E-post
Mobil 468 12 890
Wenche Moltu
Servicetorgleiar
E-post
Mobil 489 59 590