Tysdagsklubben

Dette er ein klubb for psykisk utviklingshemma som vert arrangert på fritidsklubben sine lokale på Herøy kulturhus.  

Kva kan du forvente?

Vi samlast til hyggeleg samvær, god mat, kaffi og kaker og sjølvsagt dansar vi. I juni har vi sesongavsluttning  i «Kvalsvikteltet» der vi grillar og dansar til «levande musikk». Kvar desember arrangerer klubben julebord med julemat, dessert, gang rundt juletreet og sjølvsagt dans.

Kva kostar det?

Inngangsbillett er kr. 30,-. I tillegg er det kiosksal.

Når er det fritidsklubb?

Klubben er open annankvar tysdag i tida 18.00-22.00. Vi held til i fritidsklubben sine lokale ved Herøy kulturhus. Inngangen er på nedsida imot fotballbana.

Resten av 2018:

Det er klubbkveld kvar tysdag i oddetalsveker ut november. 30 nov. vert det juleball med julemat og dans med Steinar Engelbrektson.

Kontakt

Mona-Grethe Ryssevik
seksjonsleiar
E-post
Mobil 468 20 315