Kva er Havlandet?

Havlandet er ein interesseorganisasjon for næringslivet som skal skape vekst og utvikling. Havlandet skal påverke og legge til rette for å auke talet på arbeidsplassar og bedrifter i tillegg til auke i heilårsturisme.

Havlandet skal:

Vere talerør og ambassadør for næringslivet som heilskap.

  • Synleggjere næringslivet i kommunen, både lokalt og nasjonalt, gjennom møtepunkt, nettverksbygging og arbeid i tradisjonelle og sosiale medium.
  • Delta på relevante messer, konferansar og seminar.
  • Synleggjere behov for arbeidskraft.
  • Vere bindeledd mellom næringsliv, kommune, verkemiddelapparatet m.m.

Arrangere møteplassar, både fysiske og digitale, for næringsdrivande

  • Arrangere relevante kurs og seminar for næringsdrivande.
  • Arrangere og utvikle vidare Fosnavågkonferansen og reiselivstreff.
  • Aktivt leite etter, og ha kunnskap om, samarbeidsprosjekt og støtteordningar, og formidle vidare til næringsdrivande og gründerar.
  • Delta i arbeidet med å bevare og auke utdanningstilbodet ved Herøy vidaregåande skule, evt. også utdanningstilbodet elles i regionen, også på høgskulenivå.

Nettsida til Havlandet finn du her.

Planlegg du eit besøk til vakre Herøy er dette portalen for å planlegge aktivitetar, overnatting og å få oversikt over kva Herøy har å by på av mat og drikke. 

Velkomen til havlandet vårt!

Kontaktinformasjon:

E-post: post@visithavlandet.no

Næringslivssjef/dagleg leiar: Merethe Hjertø Flusund

E-post: merethe@visithavlandet.no

Telefon: 905 12 236

Reiselivsutviklar: Hilde Gråberg Bakke

E-post: hilde@visithavlandet.no

Telefon: 922 56 087