Herøy kystmuseum

Klikk for stort bilete Herøy kommune  

Kystmuseet er den gamle handelsstaden frå 1800-talet, med ulike bygningar, interiør, fiskereiskapar og båtar. Sunnmørsjekta «Anna Olava» kompletterer den idylliske handelsstaden, og har heimehamn der. Jekta er ein rekonstruksjon gjort på bakgrunn av funn frå ei gamal jekt funnen på Håkonsholmen i Ulstein.

Museet er ein viktig formidlar av øya si historie, og om sommaren tilbyr vi omvising. Museumskafeen er open kvar dag mellom kl.12-16 i perioda 10.07. - 30.08. 2020. Omvising for grupper utanom opningstida kan avtalast særskilt.

For meir informasjon sjå www.facebook.no/heroykystmuseum

Sommarprogram 2020: Brosjyre Herøy gard (PDF, 13 MB)

Herøy kystmuseum

Øya Herøy:

Øya Herøy har hatt ein sentral plass i regionen i over 1000 år. Her var kyrkjestad med gildestove i middelalderen, tingstad, prestegard og handelsstad.

Herøy var den fyrste viktige hamna nord for Stadt og øya ligg i Flåværleia – farleia som til alle tider har bore dei sjøfarande enten rakt i gjennom til andre mål eller til ei trygg hamn i sjølve leia.
I dag kan ein ta seg til øya både med båt og bil.

Korleis kome i kontakt med oss

Du kan nå oss på kystmuseet på telefon 480 46 338.

Opingstidene er kvar dag i tida frå kl. 12.00 til kl. 16.00 ( 10.07.2020 - 30.08.2020).

Den gamle kyrkjestaden

Det har stått to kyrkjer på øya. I mellomalderen – truleg på 1100-talet – vart det bygd ei steinkyrkje i romansk stil på det austlege neset på øya. Kyrkja stod på det høgaste platået og var godt synleg frå skipsleia. Ho var ei av dei fire hovudkyrkjene på Sunnmøre og før reformasjonen var Herøy eit av dei seinmellomalderske kannikgjeld under Nidaros Domkyrkje. Kyrkja vart etter kvart for lita, og i 1859 vart ho reven.

Same året som mellomalderkyrkja vart reven, vart det bygd ei ny og større kyrkje i lafta tømmer like ved den gamle. Stein frå den første kyrkja vart gjenbrukt i grunnmuren på den nye kyrkja og til ein ny steingard rundt gravplassen frå mellomalderen. Den nye kyrkja stod fram til 1916. Då vart også ho reven og flytta til Fosnavåg.

I dag vert kyrkjetufta etter den gamle steinkyrkja nytta mellom anna til gudsteneste, pilegrimsliturgi og bryllaup.

Kystpilgrimsleia

Herøy gard er ein av nøkkelstadana langs Kystpilegrimsleia, og kyrkjetufta etter den gamle steinkyrkja er pilegrimsmålet. Bak hovudhuset ligg eit lite steinhus der pilegrimar kan finne ro og søkje ly for ver og vind. I steinhuset er enkle benker og stempel til pilegrimspasset. Det er utarbeidd eiga bøn og pilegrimsliturgi for besøkande til den gamle kyrkjestaden som du finn i steinhuset.

Selje er fyrste nøkkelstad sør for Herøy, og vidare nordover mot Nidaros ligg nøkkelstadane Giske og Borgund. Pilegrimspass kan kjøpast på kystmuseet og på kyrkjekontoret i Fosnavåg.

For meir informasjon sjå www.pilegrimsleden.no

Klosterhaugen

På øya er der eit segn om eit kloster som skal ha ligge på ein markert haug midt på øya kalla «Klosterhaugen». Ei arkeologisk registrering viser ei tuft etter ei bygning, og under torva ligg ein såle av småstein og kalkmørtel med marmorfragment.
Ei gildestove er nemnt på Herøy i 1433 i samanheng med at Aslak Bolt var på visitas. På berget like ved «Klosterhaugen» er det hogge inn to bumerker, og det eine er om lag likt med det vi finn på Aslak Bolt si jordebok.

Herøyspelet "Kongens Ring"

Det historiske Olavsspelet finn stad fyrste helga i juli kvart år. Handlinga er basert på ei hending nemnt i «Snorre» og omhandlar familieliv, kjærleik og kongemakt. Herøy Amfi er bygd spesielt til dette spelet og har sitjeplassar til om lag 1000 personar. Husa på scena er bygde i «vikingstil» og rammer inn amfiet på ein måte som gjer at publikum får ei kjensle av å sitte midt i vikinglandsbyen, der utsikta vest i havet gir ein heilt særeigen scenografi. Det er tilrettelagt for at rullestolbrukarar og andre med rørslehemming kan ta seg fram til amfiet.

For meir informasjon sjå www.heroyspelet.no

Korleis kome seg hit

Bil

Det er lett å kome til øya med bil frå alle kantar av landet, og vi kan tilby god parkeringskapasitet ca. 200 m frå kystmuseet.

Til/frå Nautøya:

  • Ålesund via Sula med ferje frå Sulesund til Hareid
  • Hareid via Ulsteinvik og Tjørvåg
  • Larsnes via Leikong og Tjørvåg
  • Ørsta/Volda via Garneskrysset og Tjørvåg

For informasjon om vegar og køyreforhold sjå www.statensvegvesen.no – tlf. 175.
For informasjon om rutetider sjå www.fjord1.no

Båt


Med eigen båt kan du legge til ved flytebrygga på nordsida av øya. Djupne ca 2,5 m ved fjøre sjø.  Kjem du med kajakk eller kano kan du dra dei fram i støa ved den store sjøbuda. Det fins også fleire gode ankringsplassar rundt øya.

Hurtigruta legg til i Torvik. Frå kaia til busstoppet på Frøystad går du ca. 1,3 km med utsikt til kyst og landbrukslandskap. For rutetider sjå www.frammr.no 

Frå Ålesund kan du ta deg til Hareid med hurtigbåt og vidare til Herøy gard med buss.

Buss


Komfortable bussar køyrer ca ein gong i timen frå Fosnavåg til Hareid/Larsnes/Ørsta/Volda. Frå busstoppet på Nautøya går du ca. 1,6 km langs naturskjøn veg til Herøy gard.

For rutetider sjå www.frammr.no – tlf. 71 28 01 00 – eller kontakt den lokale turistinformasjonen på rådhuset tlf. 70 08 13 00.