Spelemidlar til idrettsanlegg

Spelemidlar til anlegg for idrett og fysisk aktivitet.

For informasjon om vilkår, krav og søknadsprosess kan du gå til anleggsregisteret.no

Kven kan få tenesta

Søkjarar om tilskot av spelemidlar til idrettsanlegg kan vere kommune, lag og organisasjonar eller andre samanslutningar.

Kva kan du forvente

Du kan søke om tilskot til bygging og/eller rehabilitering av anlegg for idrett og fysisk aktivitet som er ope for allmenn idrettsleg aktivitet, og som ikkje er underlagt fortenestebaserte eigarformer.

Du kan også søke om tilskot til kjøp og/eller innreiing av eksisterande anlegg. 

Kva kostar det

Tenesta er gratis.

Korleis få tenesta

  • Frist for å søkje om å få med tiltaket i handlingsdelen til Kommunedelplan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv: 10. november
  • Søknadsfrist for å søkje spelemidlar: 10. november

Korleis søkje

Fyll ut søknadsskjema på anleggsregisteret.no
Det vert stilt ei rekke krav til dokumentasjon til søknaden, og det bør setjast av god tid til å skaffe all nødvendig dokumentasjon.

Når kan du vente svar

Kulturavdelinga handsamar søknaden og sender den vidare til fylkeskommunen for endeleg vedtak.

 

Kontakt

Eileen Gjerde
kulturleiar
E-post
Mobil 954 56 945