Opplevingskort

Opplevingskort er eit samarbeid mellom private aktørar, Herøy kommune og NAV. Ordninga skal sikre at born og unge frå familiar med svak økonomi får høve til å delta i ulike aktivitetar og kulturopplevingar.

Kven kan få tenesta?

Opplevingskortet kan tildelast born og unge i alderen 2-18 år i familiar med svak økonomi. Familiar med fleire born i den aktuelle aldersgruppa kan tildelast fleire kort.

I tillegg til økonomiske forhold vil det vere aktuelt å ta omsyn til ulike sosiale faktorar, og tildelinga vil derfor vere ein kombinasjon av økonomiske og sosiale forhold.

Det er ikkje mogeleg til å gi billettar til venner av borna/ungdommane som har kortet.

Kva får du?

Det er NAV som handsamar søknaden. Opplevingskortet vert tildelt i form av årskort, billettar og gåvekort til billettar. Kortet varer for eit kalenderår av gongen. Eksempel på kva opplevingskortet dekkjer (2019):

  • Kinoforestillingar Herøy kino
  • Snødronningen, Fosnavåg konserthus
  • Magi og fantasiopertørene, Fosnavåg konserthus
  • Andre konsert- og kulturforestillingar på Fosnavåg konserthus
  • Sunnmørsbadet

Kva kostar det?

Tenesta er gratis for den som får den tildelt.

Korleis får du tenesta/korleis søkjer du?

 

Når kan du vente svar?

Vi vil handsame søknaden din så fort som råd.