Ti på topp

Herøy 10 på topp er eit aktivitetsfremajande tiltak for alle som bur og oppheld seg i Herøy kommune.

Herøy 10 på topp er eit aktivitetsfremjande tiltak som kom inn i kommuneplanen sin samfunnsdel i 2002. Målet er å få flest mogleg ut på tur i Herøy-naturen. Tiltaket har vore arrangert kvart år sidan starten.

Om ordninga

Kvart år vert det plukka ut 12 toppar for vaksne (A-turar) og 12 turar for born under 13 år, og eldre over 70 år (B-turar). Det vert laga konvoluttar for sal, som inneheld eit klippekort med alle toppane og eit brev med forklaring på kvar du finn desse turmåla. På toppane finn du ei klype der du får merka kortet ditt. Du må gå minimum 10 toppar/turar for å få premie. 

Sal og varigheit

Desse konvoluttane vert selde fleire stadar i kommunen. Konvoluttane skal vere klar til påske kvart år og tida du har til å fullføre er fram til 20 oktober.

Dette gjer du når du er ferdig med alle turane

Har du gått alle 10 toppane/ turane leverer du inn kortet ditt til Herøy kommune. 

Informasjon

Det vert lagt ut informasjon om 10 på topp på Herøy kommune si heimeside og Facebook når noko er nytt.