Herøy kommune har ikkje eige turkart. Der finst fleire nettsider der du kan sjå ulike turstiar. Dette er:
Sunnørskart: Her finn du dei fleste stiane avmerka. Du må merke av traktor og stiar for å få opp turstiane.
Norgeskart: Her ligg også dei fleste turane inne.
UT.no: Dette er ein portal der ein del turar er lagt inn. På denne nettsida kan ein be om tilgang for å legge inn turmål i kommunen.
På nettsidene westcoastpeaks og Morotur kan du også sjå kart og skildringar av ulike turmål i kommunen.