Bubil

Kjem du til Herøy kommune i bubil finst her fleire alternativer.

Bubilparkering i Fosnavåg sentrum

Bubilparkeringa ligg i sentrum og har straum og vatn i sesongen. Sesongen varer frå rundt påsketider og så lenge vêret tillet det, ut på hausten.

Bubilparkeringa ligg i starten av Igesundvegen og er godt merka.

Betaling

Det kostar kr. 200,- pr. døgn for bruk av bubilparkeringa, dette inkluderar vatn og straum. Vintersesongen er kran ute fråkopla. Der er sanitæranlegg med toalett ( kr. 10,-), og dusj som kjem i tillegg til døgnprisen.

Du betaler i eigen automat på staden.

Avfall 

Du kan også kvitte deg med restavfall i nedgravd avfallsdunk, sjå etter merking.

Tøming av tank

Det er tilrettelagt for tøming av gråtank og toalett.

I tillegg er der tilrettelagt for tøming ved Lanternen Marina -  koordinater: x=6913474.853  y=329414.450

 

Bubilparkering andre stadar i Herøy

Vollaneset bubil i Kvalsvika

Goksøyr Camping på Runde

Lanternen Marina i Tjørvåg

Leikong bubil