Anløpsavgift

Herøy kommune har inngått samarbeid med Ålesundregionens Havnevesen når det gjeld registrering av anløp og innkrevjing av hamneavgifter.

Registrering av anløp

Anløp vert registrert via AIS-systemet. Fartøy på 15 meter eller meir som ikkje har ein aktiv AIS-transponder, pliktar å melde frå om alle anløp i Herøy kommune sitt sjøområde. Dette gjeld også ved anløp til eigne eller private kaier.

Kva kostar det?

Anløpsavgifta vert belasta fartøy på 15 meter eller meir ved anløp i Herøy kommune sitt sjøområde, også ved anløp  til eigne og private kaier. Ved gjentakande anløp innanfor same døgn vert anløpsavgifta belasta berre ein gong.

Anløpsavgift hamn 2019:
Anløpsavgift hamn 2019:
Type Pris u/moms
Fartøy under 50 BT Kr. 0,- pr. anløp
Fartøy mellom 50 BT og 300 BT Kr. 170,- pr. anløp
Fartøy mellom 300 BT og 1200 BT Kr. 220,- pr. anløp
Fartøy over 1200 BT Kr. 280,- pr.anløp
Kystruten Bergen-Kirkenes Kr. 206 226,- pr. år

Kva dekkjer avgifta?

Anløpsavgifta skal gå til å dekke kommunen sine kostnader knytt til tryggleik og framkome i kommunen sine sjøområde. Den kan og brukast til kostnader knytt til utøving av offentleg mynde med heimel i eller i medhald av hamne- og farvasslova.

Nyttige dokument:

Kontakt

Torger Kvalsund
driftsingeniør anlegg og drift
E-post
Mobil 901 56 347