Farvassavgift

Herøy kommune har inngått samarbeid med Ålesundregionens Havnevesen når det gjeld registrering av anløp og innkrevjing av hamneavgifter.

Registrering av anløp

Anløp vert registrert via AIS-systemet. Fartøy på 15 meter eller meir som ikkje har ein aktiv AIS-transponder, pliktar å melde frå om alle anløp i Herøy kommune sitt sjøområde. Dette gjeld også ved anløp til eigne eller private kaier.

Kva kostar det?

Farvassavgifta vert belasta fartøy på 15 meter eller meir ved anløp i Herøy kommune sitt sjøområde, også ved anløp til eigne og private kaier. Ved gjentakande anløp innan same døgn vert farvassavgifta belasta berre ein gong.

Farvassavgift 2020:
Farvassavgift 2020:
Type Pris u/moms
Fartøy under 50 BT Kr. 0,- pr. anløp
Fartøy mellom 50 BT og 300 BT Kr. 170,- pr. anløp
Fartøy mellom 300 BT og 1200 BT Kr. 220,- pr. anløp
Fartøy over 1200 BT Kr. 280,- pr.anløp
Kystruten Bergen-Kirkenes Kr. 210 000,- pr. år

Kva dekkjer avgifta?

Farvassavgifta skal dekke kommunen sine kostnader til

  1. nødvendig isbryting og fjerning av gjenstandar som hindrar sjøtransporten eller er til fare for ferdselen i kommunen sitt sjøområde
  2. utøving av offentleg mynde med heimel i eller i medhald av hamne- og farvasslova
  3. farvasskilt og navigasjonsinnretningar som kommunen eig

Nyttige lenkjer:

Kontakt

Torger Kvalsund
driftsingeniør anlegg og drift
E-post
Mobil 901 56 347