Kaivederlag

Alle fartøy eller flytande innretningar som fortøyer ved Mjølstadneset Hamneterminal og Almenningskaiene i Fosnavåg (indre og ytre almenningskai), skal betale kaivederlag. Fartøy som fortøyer utanfor anna fartøy, betalar kaivederlag som om det var fortøyd ved kaia.

Kaivederlag skal betalast sjølv om fartøyet ligg ved kaia utan at det gjeng føre seg lossing eller lasting.

Kva kostar det?

Kaivederlag vert berekna etter fartøyets bruttotonnasje (BT) og tal på døgn det ligg ved kai. For fartøy som ikkje er målt eller har gyldig målebrev, fastset Herøy kommune fartøyet sin tonnasje etter skjønn.

Kaivederlag, kommersielle anløp 2019: Fartøy på 15 meter eller meir betalar kaivederlag etter følgjande satsar:
Kaivederlag, kommersielle anløp 2019:
Bruttotonnasje Intervall Sats pr. tonn Maks beløp per døgn
For dei fyrste 300 BT 1-300 Kr. 0,72 Kr. 216,-
For dei neste 300 BT 301-600 Kr. 0,58 Kr. 390,-
For dei neste 600 BT 601-1200 Kr. 0,43 Kr. 648,-
For dei neste 800 BT 1201-2000 Kr. 0,41 Kr. 976,-
For dei neste 1000 BT 2001-3000 Kr. 0,29 Kr. 1 266,-
For dei neste 2000 BT 3001-5000 Kr. 0,28 Kr. 1 826,-
For dei neste 5000 BT 5001-10 000 Kr. 0,25 Kr. 3 076,-
For dei neste 10 000 BT 10 001-20 000 Kr. 0,22 Kr. 5 276,-
For dei neste 10 000 BT 20 001 - 30 000 Kr. 0,66 Kr. 11 876,-
For dei neste 20 000 BT 30 001 - 50 000 Kr. 0,61 Kr. 24 076,-
For alt over 50 000 BT Over 50 000 Kr. 0,49

Minstepris er kroner 200,- utan moms per døgn. 

I tillegg kjem anløpsavgift, avfallsgebyr og eventuelt sikkerheitsgebyr. Vert kaia nytta til lasting og/eller lossing av varer skal det betalast varevederlag.

 

Kaivederlag båtar under 15 m - 2019: Fartøy under 15 meter som bruker kaia meir enn 14 dagar i ein kalendermånad betalar etter følgjande satsar:
Kaivederlag båtar under 15 m - 2019:
Fartøy Pris pr. mnd
Under 12 meter kr. 830,-
Over 12 meter kr. 1 150,-

Kontakt

Torger Kvalsund
driftsingeniør anlegg og drift
E-post
Mobil 901 56 347