Renovasjon hamn

Herøy kommune tilbyr renovasjonsløysingar for fartøy som anløper Mjølstadneset Hamneanlegg og almenningskaiene i Fosnavåg (indre og ytre almenningskai).

Kva kostar det?

Avfallsgebyret vert belasta fartøy på 50 BT eller meir ved anløp til dei kommunale kaiene på Mjølstadneset samt almenningskaiene i Fosnavåg (indre og ytre almenningskai).  Gebyret skal betalast sjølv om det ikkje vert levert avfall.  Fartøy under 50 BT skal betale for faktisk levert avfall. Ved gjentakande anløp innanfor same døgn vert avfallsgebyret belasta berre ein gong.

Avfallsgebyr hamn 2019:
Avfallsgebyr hamn 2019:
Type Pris
Fartøy under 50 BT Kr. 100,- pr. søppelsekk
Fartøy mellom 50 BT og 1200 BT Kr. 275,- pr. anløp
Fartøy over 1200 BT Kr. 375,- pr.anløp

Farleg avfall, kloakk og lasterestar må handterast av godkjent renovatør som vert bestilt og fakturert i kvart enkelt tilfelle.

Fartøy som har faste avtaler med andre hamner om levering av avfall, og kan dokumentere dette, får bortfall av avfallgebyret.

Meir informasjon finn du i kommunen sin avfallsplan for kommunale kaier og hamneanlegg (PDF, 760 kB)

Kontakt

Torger Kvalsund
driftsingeniør anlegg og drift
E-post
Mobil 901 56 347
Teknisk vakt
Telefon 992 10 001