Varevederlag

Det skal betalast varevederlag for alle varer som vert frakta med skip over Mjølstadneset Hamneanlegg og almenningskaiene i Fosnavåg (indre og ytre almenningskai). Varevederlaget er betaling for bruk av kaiareal til lasting og lossing samt mellomlagring av gods.

Dei som tek imot eller sender varer over dei kommunale kaiene pliktar å levere inn varerapport-skjema (PDF, 418 kB). Forsyningar og utstyr til fartøy i hamn er unntaka varevederlag. 

Kva kostar det?

Varevederlag 2019:
Varevederlag 2019:
Type Pris u/moms
Bulklast Kr. 6,- pr. tonn
Blokkstein og små betongkonstruksjonar Kr. 6,- pr. tonn
Varer i container Kr. 100,- pr. container
Båtar Kr. 100,- pr. stk
Motorkøyretøy Kr. 100- pr. stk
Øvrige varer Kr. 10,- pr. tonn

Minsteprisen er kroner 150,- utan moms per døgn.

Vederlaget skal bereknast ut frå vara si bruttovekt, når forholdet vekt/kubikk er større 1/2. Og ut frå vara sin bruttokubikk, når forholdet vekt/kubikk er mindre enn 1/2. Dersom dei ovannemnde priskategoriane ikkje er relevante, kan det avklarast prisar spesielt.

Vederlaget inkluderer rett til å lagre last i 48 timar før/etter lasting/lossing.

Lagring utover dette vert prisa med dette tillegget:

Varevederlag hamn utover 48 timar 2019:
Varevederlag hamn utover 48 timar 2019:
Type Pris u/ moms pr. døgn
Containarar Kr. 150,- pr. containar
Båtar/kjøretøy/store konstruksjonar Kr. 150,- pr.stk
Andre varer (stykkgods) Kr. 15,- pr. tonn

Minsteprisen er kr.150,- utan moms per døgn.

Kontakt

Torger Kvalsund
driftsingeniør anlegg og drift
E-post
Mobil 901 56 347