Kontaktinformasjon for bruk og tenester for hamn

Alle førespurnader som gjeld bruk og tenester knytt til hamn og hamneareal, skal meldast inn til teknisk vakt på telefonnr. : 99 21 00 01

Døme på dette er reservering av kaiplass ved anløp Mjølstadneset, bestilling av tenester som vatn og straum, levering av avfall, innmelding av ISPS anløp, leige/bruk av kaiareal, og liknande.
Innmelding av skader eller manglar på kaiene skal og meldast til dette nummeret.


Andre meldingar som ikkje treng rask behandling eller tilbakemelding kan meldast inn på e-post: hamn@heroy.kommune.no

Anløpsmeldingar, sikringsrapportar og mannskapslister for ISPS-anløp skal meldast inn via SafeSeaNet Norway.

Kontakt

Torger Kvalsund
driftsingeniør anlegg og drift
E-post
Mobil 901 56 347