Offentlege hamner

Det er fleire offentlege hamner i Herøy.

Hamnene er:

Fosnavåg hamn  Fiskerihamn. Almenningskai og kommunal fiskerikai. Innseglingddjupne 7,0 m. Gjestebrygge (Herøy Kystlag). Straum, vatn og renovasjonsordning. Levering av straum frå fiskerikaia skjer via straumsøyler v/ bruk av pollettar eller tilkopling i straumskap. Pollettar får du kjøpt i Servicetorget som ligg på rådhuset. Her kan du også ved behov få låne kopling for overgang frå 3-fas til enkeltfas ved betaling av depositum. For tilkopling i straumskap må det takast kontakt med teknisk vakt.

Mjølstadneset hamneanlegg Tre kommunale kaier med djupne om lag 11 meter. Leveranse av straum og ferskvatn. Renovasjonsordning. Godkjenning som ISPS-terminal (International Ship and Port facility Security Code).

Runde hamn Kommunale moloar med kaier. Gjestebrygge (Runde grendalag).

Kopperstad hamn Kommunal molo med kai.

Bøvågen Kommunal kai.

Skorpa Kommunal molo og landingsvorr.

Kvalsvik hamn Fiskerihamn med almenningskai.

Kvalsund hamn Fiskerihamn med almenningskai.

Remøy hamn Fiskerihamn med almenningskai. Straumskap.

Leinevika hamn Fiskerihamn med almenningskai. Straumskap.

Sandebukta Fiskerihamn med almenningskai.

Kontakt

Torger Kvalsund
driftsingeniør anlegg og drift
E-post
Mobil 901 56 347
Teknisk vakt
Telefon 992 10 001