Fosnavåg Nyskapingspark

Fosnavåg Nyskapingspark (FNP) er eit lågterskeltilbod til alle som vil utvikle eit produkt eller bedriftsidé og vil sitje i eit miljø med andre ideigarar. Kontorlokala ligg i sentrum av Fosnavåg. 

Kven kan få tenesta?

Fosnavåg Nyskapingspark er open for alle som ynskjer å arbeide med eit prosjekt eller ein ide og har behov for ein arbeidsplass med tilgang på teknisk utstyr (printer, scanner osv.) og moglegheit for "ide-sparring" med Hoppid.no.

Kva kan du forvente? 

Eit hyggeleg kontorlokale med møterom og kontor med gode fasilitetar midt i Fosnavåg sentrum. Her får du arbeide med ditt prosjekt i eit inspirerande miljø. 

Kva kostar det?

Det er gratis å bruke Fosnavåg Nyskapingspark.

Korleis får du tenesta? 

FNP er open dagleg mellom 08.00 og 16.00 og kan nyttast av alle. Dersom du ynskjer tilgang utover opningstid må du inngå ein avtale om kontorplass med Herøy kommune, og du vil då få fri tilgang til lokala og fri bruk av det utstyret som lokala har. Ta kontakt med Hoppid.no eller kommunen sin kontaktperson. 

Kontaktinformasjon:

 
 

Kontakt

Ole Magne Rotevatn
avdelingsleiar utvikling
E-post
Mobil 909 74 128