Hoppid.no

Hoppid.no skal gjere det lettare å bli gründer i Møre og Romsdal. Både for dei som ønskjer å etablere ei bedrift og for dei som allereie har starta for seg sjølv, er hoppid.no ein nyttig plass å starte.  

Kven kan få tenesta?

Hoppid-kontoret i Herøy kommune skal yte tenester til dei som har tankar om å etablere eiga verksemd, men også allereie etablerte verksemder kan få hjelp.

Kva kan du forvente?

På hoppid.no-kontora får gründeren gratis råd og rettleiing, tilbod om kurs og opplæring, råd om tilskot og finansiering og hjelp i søkeprosessar og til nettverksbygging. I tillegg legg hoppid.no til rette for knoppskyting i næringslivet og for entreprenørskap i skulen.

Målet med hoppid.no er å skape nye og levedyktige bedrifter, mangfald i arbeidslivet og auka verdiskaping og å styrke Møre og Romsdal som gründerfylket. Hoppid.no er eit samarbeid mellom Møre og Romsdal fylkeskommune, kommunane, Innovasjon Norge og fylkesmannen i Møre og Romsdal.

Kva kostar det? 

All hjelp frå hoppid.no er kostnadsfri. 

Korleis får du tenesta?

Herøy Kommune oppmodar deg som ynskjer å etablere verksemd, eller deg som allereie er etablert om å ta kontakt for å drøfte ditt prosjekt. Dersom det er etablerte bedrifter som har idear om ei ny verksemd, er de også hjarteleg velkomne til å ta kontakt med Herøy kommune sin hoppid.no-kontakt, med hovudkontor i Ålesund Kunnskapskarp (ÅKP): Robert  Voldnes:robert.voldnes@aakp.no, tlf. 90 65 85 17. 

Kontaktinformasjon: 

Det lokale hoppid-kontoret finn stad i Fosnavåg Nyskapingspark. 

 

Nyttige lenker:

http://www.aakp.no/aakp

https://mrfylke.no/Tenesteomraade/Regional-og-naeringsutvikling/hoppid.no/Finn-ditt-hoppid-kontor/Heroey-kommune

Kontakt

Ole Magne Rotevatn
avdelingsleiar utvikling
E-post
Mobil 909 74 128