Kommunalt næringsfond

Har du planar om å starte eiga bedrift eller driv du i dag og har behov for tilskot frå det kommunale næringsfondet? Les denne saka for meir informasjon om retningslinjer for bruk av næringsfond.

Herøy kommune har eit eige fond retta mot å hjelpe nystarta bedrifter eller bidra til kompetanseheving og nettverksbygging for eksisterande bedrifter.

Kven kan få tenesta?

Grunnvilkår for å kunne søkje om tilskot:

  • Det kan gjevast støtte til bedrifter, nyetablerarar eller samarbeid mellom bedrifter. Søkar må vere registerert med organisasjonsnummer i Einingsregisteret.
  • Tiltak som får støtte frå næringsfondet må bidra til å skape nye, eller sikre eksisterande arbeidsplassar.
  • Tiltak kan vere investering i produksjonsanlegg og utstyr, profilering og merkevarebygging, produktutvikling, kompetansehevingstiltak, marknadsundersøking, bedriftsutvikling, rådgjeving, bedriftsnettverk e.l.
  • Tiltak kan støttast med inntil 50% av totale kostnadar, avgrensa til maksimalt 150.000 kroner.
  • Kommunane kan vurdere ein høgare finansieringsandel (inntil 75%) til nyetablerarar.
  • Eit prosjekt skal ikkje gjevast støtte over lenger tid enn 3 år.
  • Støtte frå kommunalt næringsfond skal ha ein utløysande effekt. Det betyr at midlane skal bidra til at tiltak som elles ikkje ville ha blitt gjenomført, blir realisert.
  • Kommunalt næringsfond skal supplere, ikkje erstatte, andre offentlege støtteordningar for bedrifter.

Sjå

 

Kva kan du forvente?

Når du leverer søknad kan du forvente at søknaden vert handsama etter gjeldande retningsliner.

Komite for næring, kultur og idrett har gjort to vedtak om bruk av midlar frå kommunalt næringsfond.

KN-sak 8/17 vedteke 06.02.2017 lyder slik:

Komite for næring, kultur og idrett vedtek følgjande lokal retningsline for bruk av kommunalt næringsfond:

- Eigeninnsats/arbeidstimar kan ikkje reknast inn som ein del av grunnlaget for tildeling av midlar.

- Frist for gjennomføring av prosjekt og utbetaling av tilskot vert sett til 31.12. påfølgande år. 

- Søknadar kan gjevast tilskot med inntil 50% av søknadsgrunnlaget. Dersom det skal gjevast tilskot over 50% skal dette avgjerast av det politiske skjønn, maksimalt 75%.

- Tilskot under 100.000,- kan utbetalast ved oversending av kvitteringar og enkelt rekneskap i tråd med innvilga søknad.

KN-sak 69/17 vedteke 24.10.2017 lyder slik:

Komite for næring, kultur og idrett vedtek følgjande tillegg til lokale retningsliner for kommunal næringsfond:

- Datterselskap er ikkje berettiga tilskot.

Kva kostar det?

Det er ikkje kostnader knytt til sakshandsaming av din søknad.

Korleis får du tenesta/korleis søkjer du?

Skal du søkje om midlar frå kommunalt næringsfond må dette gjerast i eige skjema på nettsida regionalforvaltning.no.

Husk at du må registrere deg som brukar før du får levert søknad.

Når kan du vente svar?

Vi vil handsame søknaden din så fort som råd.

Kontakt

Ole Magne Rotevatn
avdelingsleiar utvikling
E-post
Mobil 909 74 128