Serveringsløyve

Den/dei som driv serveringsverksemd må ha løyve gitt av kommunen.
Løyve vert gitt den som driv serveringsstaden.

Når treng du serveringsløyve?

Planlegg du å starte ein stad der det vert servert mat eller drikke, må du ha serveringsløyve. I nokre få tilfeller treng du ikkje serveringløyve.

Serveringslova § 2 sei kven dette gjeld/ikkje gjeld for.

Korleis få serveringsløyve?

Dagleg leiar ved staden må ha bestått etablererprøva for å kunne søkje om serveringsløyve. Løyvet vert gitt til selskapet som eig staden.

Korleis søkje om serveringsløyve?

Bruk det elektroniske søknadsskjemaet serverings- og/eller skjenkeløyve. Husk å legg ved vedlegga som er opplista. Om du har oppretta brukar kan søknadsskjemaet mellomlagrast, slik at du kan gå tilbake til søknaden på eit seinare tidspunkt.

Vedlegg som må følgje søknad om serveringsløyve

Stadfesting på bestått etablerarprøve
Firmaattest
Leigekontrakt - stadfesting på kvar serveringsstaden ligg

Kor lang tid tek det?

Søknad om serveringsløyve vert handsama fortløpande. Søknaden vert sendt til politiet og Skatteetaten for uttale. Behandlingstida er avhengig av tilbakemelding frå desse, om dei har anmerkningar til søknaden eller om du kjem med tilleggsopplysningar under søknadsbehandlinga.

Krav til styrar

Styrar (dagleg leiar) må vere myndig og  gjennomført etablerarprøven.

Det vert gitt løyve om krava i Serveringslovens §§ 4 til 6, jfr. § 7 er oppfylt, og det ikkje ligg føre forhold som av politimessige omsyn gjer det utilrådeleg at serveringsløyve vert gitt.

Husk - Melding til Mattilsynet

Alle som vil starte næringsmiddelverksemd skal på førehand melde frå om dette til Mattilsynet. Les meir om krava vedrørande melding til Mattilsynet.

Regelverk

Lov om serveringsvirksomhet

Kontakt

Wenche Moltu
servicetorgleiar
E-post
Mobil 489 59 590
Lene Utseth
servicevert/konsulent/personvernombod
E-post
Mobil 468 12 890