Skjenkeløyve - ope eller lukka arrangement

Når du leiger eit lokale og skal ha eit arrangement der du tek betalt for alkoholen, må du søkje om løyve frå kommunen. Det kan vere eit ambulerande løyve ved lukka lag eller ordinært løyve for enkeltarrangement.

Ambulerande løyve

Ambulerande er meint for slutta lag. Med slutta lag er det allereie før skjenkinga startar danna ein slutta krins av bestemte personar som er samla for eit bestemt formål i eit bestemt lokale.

I lokale der det vert drive serveringsverksemd, må det alltid hentast inn løyve, med unntak av når eigar, leigar eller tilsett nyttar lokala til eige bruk i slutta selskap.

Søknad til denne type arrangement finn du her.

Løyve for einskild høve

For opne arrangement som for eksempel festivalar og dansetilstellingar treng du skjenkeløyve for einskild høve.  Løyve for einskild høve kan det søkjast om der det enten vert teke betalt for alkoholen som vert servert eller der utleigar står for ein større del av arrangementet enn å leige ut lokala.

Du søkjer om løyve for ope arrangement her.

Ansvar

  • Løyvesøkjer må vere fylt 20 år
  • Du må oppgi ein person som skal vere ansvarleg for skjenkinga. Skjenkeansvarleg må vere fylt 20 år
  • Den som har fått løyvet er ansvarleg for at skjenkinga går føre seg på ein slik måte at reglane i gjeldande lov og forskrift vert overhalde, og at alkoholpolitiske omsyn vert teke vare på
  • Den som har løyvet må fyrst og fremst sjå til at det ikkje vert skjenka alkoholholdig drikk til for unge og/eller synleg rusa personar, og at det ikkje vert skjenka utover tillate skjenketid slik den er satt i løyvet

Kva koster det?

Løyve til enkeltarrangement har ei avgift på kr. 1000,-. Ambulerande løyve er kvart år den pris som er sett i forskrift.

 

Korleis søkje?

Du sender inn søknaden elektronisk.  Husk å send med naudsynt dokumentasjon. Dette kan vere leigekontrakt, kartskisse med avmerka areal for skjenking, m.m

Kor lang tid tek det å få svar?

Behandlingstida er inntil fire veker.

Lover og retningsliner

Alkohollova

Alkoholforskriften

Kontakt

Wenche Moltu
servicetorgleiar
E-post
Mobil 489 59 590
Lene Utseth
servicevert/konsulent/personvernombod
E-post
Mobil 468 12 890