Skjenkeløyve

Skjenkeløyve gir rett til sal av alkohol i eit lokale som har serveringsløyve.

Kven kan få skjenkeløyve?  

Har du serveringsløyve og ønskjer å skjenke alkohol, må du søkje om skjenkeløyve. Har du ikkje serveringsløyve så kan du søkje om servering- og skjenkeløyve samstundes i same skjema.

Alle søknader vert handsama etter alkohollova med forskrifter og kommunen sin alkoholpolitiske plan (PDF, 156 kB).

Kva kan du forvente?

Du kan forvente at din sak vert handsama etter gjeldande lovverk og at handsaminga skjer utan unødig opphald.

Kva kostar det?

Det er ikkje gebyr for å få handsama søknaden. Etter at du har fått løyve må du som eit minimum betale årleg minstegebyr til kommunen- skjenkeavgift.

Kvart år vert det beregna avgift etter til ein kvar tid gjeldande satsar.

Korleis få skjenkeløyve?

Du må levere søknad i eige skjema.

Skal du få skjenkeløyve må dette vere på plass:

  • Det utpeikast ein styrar og stedfortredar for skjenkeløyve
  • Styrar og stedfortredar må vere over 20 år og ha bestått kunnskapsprøva
  • Både styrar og stedfortredar må ha vist uklanderleg vandel
  • Styrar og stedfortredar må vere tilsett  eller arbeide i verksemda i kraft av eigarstilling.

Til søknaden leverer du denne dokumentasjonen:

  • Firmaattest
  • Stadfesting  på bestått kunnskapsprøve for styrer og stedfortreder
  • Dokumenter som viser at du  eig eller leiger lokalet.
  • Dokumentasjon på at grunneigar gjev løyve til uteservering
  • Teikningar av lokalet inne og ute
  • Aksjeselskaper må sende revisorbekreftet aksjeeierbok med eierandeler oppgitt i prosent
  • Opplysninger om bakenførliggjande  eihgarforhold, for eksempel eigarar bak aksjeselskapet, der driftsselskapet er helt eller delvis eigd av andre selskap
  • For båtar: Passasjersertifikat for båtar med plass til meir enn 12 passasjerar, nasjonalitetsbevis

Kommunen kan be om ytterlegere dokumentasjon, som for eksempel budsjett og finansieringsplan. 

Når kan du vente svar?

Ordinære skjenkeløyve skal handsamast i Formannskapet. Når du har levert søknad og dokumentasjonen som skal til, vil du få eit førebels svar. I dette svaret vil der stå når du kan forvente svar i saka.

Sakshandsamar sender din  søknad til uttale hjå politi, skatteetaten og NAV sosial. Det er derfor viktig at du leverer søknaden i god tid.

Her kan du lese meir:

Reaksjonsformer ved brot på reglane.

Alkoholpolitisk handlingsplan.

Kontakt

Wenche Moltu
servicetorgleiar
E-post
Mobil 489 59 590
Lene Utseth
servicevert/konsulent/personvernombod
E-post
Mobil 468 12 890