100 % stilling seksjonsleiar barnehage

Seksjonsleiar barnehage arbeider i staben for Oppvekst, med eit særleg ansvar for barnehagefaglege saker og overgang til skule. Seksjonsleiar rapporterer til kommunalsjefen. Seksjonsleiar har personalansvar for spesial- og støttepedagogane i private og kommunale barnehagar. Stillinga er ledig frå 1. august.

I Herøy kommune er det viktig å vise respekt, byggje tillit og fremje god samhandling. Seksjonsleiar skal bidra til å utvikle barnehagane i kommunen til å ha god kvalitet, med trivsel og utvikling for barn og vaksne., i tråd med barnehageeigar sine føringar. Organisere og koordinere felles aktivitetar og utviklingsområde for barnehage og skule.

Vi treng ein seksjonsleiar som:

  • har høgare utdanning innan barnehagepedagogikk og gjerne også leiing
  • har gode leiareigenskapar
  • har erfaring frå leiing, drift og utvikling av barnehagar
  • har forståing for budsjett og økonomisk styring på barnehageområdet
  • har kunnskap om lov og regelverk
  • er god på samarbeid og kommunikasjon
  • er oppteken av å utvikle gode lærings- og arbeidsmiljø

     

Vi kan tilby:

  • spennande utfordringar, med høve til læring og utvikling
  • eit utviklingsorientert og støttande leiarteam på kommunenivå
  • IA-bedrift, og ein arbeidsgivar med fokus på kvalitet og trivsel
  • gode pensjonsordningar

     

Kommunen har nynorsk som administrasjonsmål.

Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar og referansar, i tillegg til den formelle kompetansen. Politiattest må kunne leggast fram før tilsetjing.

Søkjarar skal nytte det elektroniske søknadsskjemaet .

Tilsetjing skjer på dei vilkår som går fram av gjeldande tariffavtale, lover og reglement.

Søkjarlista kan verte offentleggjort. Aktuelle kandidatar vil verte kalla inn til intervju.

Attestar og vitnemål skal leverast på førespurnad, men vert ikkje automatisk returnert.

Stillingstype: Fast

Stillingstorleik: 100%

StillingsID:  854

Søknadsfrist:  8. mars 2019

Kontakt

Sølvi Lillebø Remøy
kommunalsjef
E-post
Telefon 70 08 13 87
Mobil 957 64 125