100 % stilling som avdelingsleiar barn, famile og helse

Klikk for stort bileteUtsiktsbilde Bergsøya med Eggesbønes i front Harald M Valderhaug

Sektor for helse og omsorg i Herøy kommune, består av fire avdelingar. Avdeling for tenestekoordinering, avdeling for pleie og omsorg, avdeling for barn, familie og helse og avdeling for bu- og habilitering. Avdelingsleiarane inngår i kommunalsjefen si leiargruppe i helse og omsorg, og er medlemar i kommunen sitt psykososiale kriseteam. Avdelingsleiar for barn, familie og helse er leiar for dette teamet.

Avdeling for barn, familie og helse har ansvar for psykisk helse og rus, helsestasjon og skulehelseteneste, rehabilitering, legeteneste, barnevern og NAV.

I Herøy kommune er det viktig for oss å vise respekt, ha tillit og fremje samhandling.  Kjerneverdiane skal hjelpe oss å nå visjonen vår «Herøy, ei båtlengd føre».

Herøy kommune søkjer etter ein utviklingsorientert og handlekraftig avdelingsleiar for barn, familie og helse med tilsetting frå 1.september. Vi søkjer etter deg, som i lag med dyktige medarbeidarar, kan skape gode resultat innan heilskapleg tenesteutvikling, organisasjonsutvikling og ressursstyring. Som avdelingsleiar for barn, familie og helse, vil du ha totalansvar innan budsjett, økonomi og personaloppfølging.

Krav til kvalifikasjonar:

  • Høgare juridisk eller helsefagleg utdanning, fortrinnsvis på mastergradsnivå. Anna relevant bachelorutdanning med vidareutdanning kan bli vurdert
  • Vidareutdanning innan helserett, eller tilsvarande vil vere ein fordel
  • Relevant leiarerfaring og praksis vil vere ein fordel
  • God kjennskap til lov og regelverk innan fagområda til barn, familie og helse
  • Relevant erfaring og/eller interesse for omstillingsprosessar, endrings- og utviklingsarbeid
  • Gode kommunikasjonsevner, herunder munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • God IKT-kompetanse. Det er ein føresetnad for stillinga å kunne bruke/ ha innsikt i digitale fagprogram
  • God økonomiforståing og interesse for tal og ressursstyring

Personlege eigenskapar:

  • Du må vere ein pådrivar for nytenking og utvikling av tenesteområda, og for helse og omsorgssektoren som heilskap
  • Du må ha ein indre motivasjon for å vere leiar, og vilje til å yte det som vert kravd i ei leiarrolle
  • Du må ha gode samarbeids- og relasjonseigenskapar og evne til å skape entusiasme og motivere medarbeidarar
  • Du må vere ein trygg og tydeleg leiar som ser nytteverdien av godt samarbeid med tillitsvalde og vernetenesta
  • Du må vere med å skape mål og verdiar for tenesta, og arbeidar strukturert og målretta
  • Du evnar å vere inkluderande, handlekraftig og påliteleg
  • Du har evne til å ta initiativ og ha gjennomføringsevne
  • Du har evne til å handtere og stå i komplekse utfordringar innan eit breitt og krevjande ansvarsområde
  • Du sett pris på å arbeide med, og i lag med menneske

Vi tilbyr:

  • Ei sentralt plassert stilling i Kommunalsjefen for Helse og omsorg si leiargruppe
  • Ei spanande leiarstilling, der du får medverke i utviklinga av framtidas helse og omsorgstenester
  • Gode kollegaer i eit trivelig arbeidsmiljø
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Lønn etter avtale

Kommunen  har nynorsk som administrasjonsmål.

Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar, i tillegg til kunnskap og erfaringar.

Du skal nytte det elektroniske skjemaet når du søkjer stillinga.

Arbeidsstad:           Barn-familie og helseavdelinga

Stillingstype:           Fast

Stillingsstorleik:  100 %

Stillingsid: 874

Søknadsfrist: 05.04.19

Tilsetjing skjer på dei vilkår som går fram av gjeldande tariffavtale, lover og reglement.

Aktuelle kandidatar vil verte kalla inn til intervju.  Søkjarlista kan verte offentleggjort. 

Attestar og vitnemål skal leverast på førespurnad.

Kontakt

Renathe Rossi-Kaldhol
kommunalsjef
E-post
Mobil 948 81 303