100 % stilling som leiande helsesjukepleiar

Klikk for stort bilete

 

Vi har ledig stilling som leiande helsesjukepleiar i avdeling for barn, familie og helse.  Stillinga er eit engasjement ut 2020 med moglegheit for fast tilsetjing. Leiande helsesjukepleiar er leiar for førebyggjande seksjon og er ein del av leiargruppa til avdelingsleiar for barn, familie og helse.

Førebyggjande seksjon har oppgåver innan  svangerskapsomsorg, helsestasjons- og skulehelseteneste, helseteneste til flyktningar og smittevern.

I Herøy kommune er det viktig for oss å vise respekt, ha tillit og fremje samhandling. Kjerneverdiane skal hjelpe oss til å nå visjonen vår, «Herøy, ei båtlengd føre».

Vi ønskjer at du har følgjande kvalifikasjonar:

  • Bachelor i sjukepleie eller anna relevant helsefagleg utdanning
  • Vidareutdanning som helsesjukepleiar eller anna relevant vidareutdanning.
  • Vidareutdanning innan administrasjon og leiing
  • Erfaring med arbeid ved helsestasjon/skulehelseteneste
  • Har erfaring med samarbeid på tvers av fagprofesjonar

Arbeidsoppgåver:

  • Ansvar for dagleg leiing av seksjonen
  • Ansvar for personal og økonomi
  • Fordele ansvar, oppgåver og kvalitetssikre tenesteutøvinga
  • Vere oppdatert på gjeldande lover, reglar og retningsliner som er relevant for fagtenesta
  • Orientere om viktige faglege prioriteringar og satsingar til leiing og politiske organ.
  • Noko «utøvande arbeid» i deler av stillinga.

Vi treng at du:

  • Har forståing for leiarrolla og har evne til å samarbeide internt så vel som eksternt
  • Har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Er sjølvstendig, engasjert, inspirerande, fleksibel og tydeleg
  • Er ansvarsbevisst, utviklingsorientert, løysningsorientert  og målretta.
  • Deltek aktivt i avdelingsleiaren si leiargruppe
  •  Kan nytte ulike IKT system  som arbeidsverktøy
  •  Har god relasjonskompetanse

Vi kan tilby:

  • Varierte arbeidsoppgåver i eit levande miljø
  • Ein arbeidsgjevar som er oppteken av trivsel på arbeidsplassen.
  • Gode pensjonsordningar
  • Løn etter avtale med utgangspunkt i kvalifikasjonar (utdanning/praksis)

Kommunen har nynorsk som administrasjonsspråk.

Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar, i tillegg til kunnskap og erfaringar.

Politiattest må kunne leggjast fram for tilsetjing.

Du skal nytte det elektroniske skjemaet når du søkjer stillinga.

Arbeidsstad:          Avd. barn-familie og helse

Stillingstype:         Engasjementstilling ut 2020 med høve til fast tilsetting

Stillingsstorleik:   100 %

Stillingsid:            888

Søknadsfrist:        03.05.19

Tilsetjing skjer på dei vilkår som går fram av gjeldande tariffavtale, lover og reglement.

Aktuelle kandidatar vil verte kalla inn til intervju.  Søkjarlista kan verte offentleggjort.

Attestar og vitnemål skal leverast på førespurnad.