100 % stilling som økonomikonsulent

Klikk for stort bilete Dersom du ynskjer å vere ein del av ei spanande og utviklingsorientert kommune på Sunnmøre, så nytt høve til å søkje på stillinga.

Stillinga er  eit 1 års vikariat for oppstart i juni/juli 2019 med rekneskap som hovudarbeidsområde.  Vi er ein organisasjon i stadig endring, og etter behov vil også andre oppgåver vert lagt til stillinga.  Vi brukar Agresso som rekneskaps- og lønsprogram.

I Herøy kommune er det viktig for å oss å vise respekt, ha tillit og fremje samhandling.  Kjerneverdiane skal hjelpe oss til å nå visjonen vår, «Herøy, ei båtlengd føre».

Stillinga har desse arbeidsoppgåvene:

  • Rekneskapsføring
  • Økonomisk analyse
  • Rapportering
  • Sakshandsaming
  • Budsjett/økonomiplan

Vi ynskjer at du:

  • Har utdanning på høgskulenivå innanfor fagfelta som arbeidsoppgåvene  sorterer under.
  •  Har gode IKT-kunnskapar
  •  Har god skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • Har gode samarbeidsevner
  •  Kan arbeide sjølvstendig
  •  Har evne til å ta initiativ

     

Vi tilbyr:

  • Løn etter avtale med utgangspunkt i kvalifikasjonar (utdanning/praksis)
  • God pensjonsordning gjennom KLP
  • Opplæring og høve til fagleg utvikling
  • Eit triveleg og inkluderande arbeidsmiljø

Kommunen har nynorsk som administrasjonsmål.

Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar, i tillegg til kunnskap og erfaringar.

Du skal nytte det elektroniske skjemaet når du søkjer stillinga.

Arbeidsstad: Økonomiavdelinga

Stillingstype:  Vikariat

Stillingsstorleik: 100 %

Stillingsid: 883

Søknadsfrist: 24.04.19

Tilsetjing skjer på dei vilkår som fram av gjeldande tariffavtale, lover og reglement.

Aktuelle kandidatar vil verte kalla inn til intervju. Søkjarlista kan verte offentleggjort.

Attestar og vitnemål skal leverast på førespurnad.

Kontakt

Geir Egil Olsen
økonomileiar
E-post
Telefon 70 08 13 14
Mobil 901 66 689
Merethe Grunnan
økonomikonsulent
E-post
Telefon 970 55 477
Mobil 970 55 477