50 % stilling som sjukepleiar

Vi har ledig vikarstilling som sjukepleiar ved. Myrvåg omsorgssenter, seksjon B, frå 27.05.19.  Stillinga har f.t. tredelt turnus med arbeid to av seks helgar.

Myrvåg omsorgssenter består av: 

  • Seksjon A somatisk sjukeheimsavdeling med langtids-, korttids- og ø-hjelpsplassar, integrert med heimetenestene i indre Herøy.
  • Seksjon B avdeling for personar med demens med langtids- og korttidsplassar. 

I Herøy kommune er det viktig for oss å vise respekt, ha tillit og fremje samhandling.  Kjerneverdiane skal hjelpe oss til å nå visjonen vår, «Herøy, ei båtlengd føre».

Vi søkjer deg som: 

  • har bachelor i sjukepleie 
  • har god skriftleg og munnleg kommunikasjon på norsk 
  • evnar å samarbeide i godt team
  • har fokus på heilskapeleg pasientforløp
  • er strukturert, sjølvstendig og evner å prioritere arbeidsoppgåver
  • er løysningsorientert og fleksibel
  • kan bruke IKT som arbeidsverktøy. Erfaring med Gerica er ein fordel
  • likar faglege utfordringar i eit godt arbeidsmiljø, der arbeid på tvers av avdelingane gjer kvardagen spanande 

        Vi tilbyr: 

  • løn etter gjeldande tariffavtale, lover og reglement
  • pensjonsordning og frivilleg fritidsforsikring
  • fagdag i turnus kvar 6 veke.
  • BAT (bevegeleg arbeidstid) som gir personalet større fleksibilitet i turnus
  • godt arbeidsmiljø med fokus på fagkompetanse
  • ved interne tilsetjingar kan andre stillingar bli ledige i organisasjonen

Kommunen har nynorsk som administrasjonsspråk.

Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar, i tillegg til kunnskap og erfaringar.

Politiattest må kunne leggast fram før tilsetjing.

Du skal nytte det elektroniske skjemaet når du søkjer stillinga.

Arbeidsstad: Pleie og omsorg, for tida Myrvåg omsorgssenter, seksjon B

Stillingstype: Vikariat med moglegheit for fast tilsetjing

Stillingsstorleik: 50 %

Stillings ID: 889

Søknadsfrist: 05.05.19

Tilsetjing skjer på dei vilkår som går fram av gjeldande tariffavtale, lover og reglement.

Aktuelle kandidatar vil verte kalla inn til intervju. Søkjarlista kan verte offentleggjort.

Attestar og vitnemål skal leverast på førespurnad.

Kontakt

Ane Nærø
seksjonsleiar Myrvåg omsorgssenter avdeling B
E-post
Telefon 70 08 49 56
Mobil 938 75 336