50% vikarstilling som sjukepleiar

Heimetenesta Ytre søkjer DEG som kollega til eit vikariat i 50%.

Vikariatet er ledig frå 10. Januar 2019 til 01.Februar 2020, med mogelegheit for forlenging.

Heimetenesta Ytre gir heimesjukepleie til heimebuande og har integrete tenester ved eldrebustadar med heil og delvis døgnbemanning.

 

Vi søkjer deg som:

  • har bachelorutdanning som sjukepleiar.
  • likar faglege utfordringar i eit godt arbeidsmiljø.
  • evnar å samarbeide godt i team.
  • har fokus på heilskaplege pasientforløp.
  • er strukturert, sjølvstendig og evnar å prioritere arbeidsoppgåver.
  • er løysingsorientert og fleksibel.
  • har god munnleg og skrifteleg framstillingsevne.
  • kan bruke IKT som verktøy. Erfaring med Gerica er ein fordel.
  • har førarkort klasse B.

 

Vi tilbyr:

  • løn etter gjeldande tariffavtale, lover og reglement.
  • pensjonsordning og frivillig fritidsforsikring.
  • fagdag i turnus kvar 6.veke.
  • BAT (bevegeleg arbeidstid) som gir personalet større fleksibilitet i turnus.
  • godt arbeidsmiljø med fokus på fagkompetanse.

 

Søknaden skal leverast elektronisk.

Stillingstype: Vikariat

Stillingsstorleik: 50 % stilling

Søknadsfrist : 19.12.2018

ID:833

Tilsetjinga skjer på dei vilkår som går fram av gjeldande tariffavtale, lover og reglement. Aktuelle kandidatar vert innkalla til intervju og må levere politiattest og helseattest. Kommunen har nynorsk som administrasjonsmål.

Tilsende attestar og vitnemål vert ikkje returnert.

Søkjarlista kan verte offentleggjort.

Kontakt

Elsebe Rindalsholt
Seksjonsleiar Heimetenesta Ytre
E-post
Telefon 70 08 14 79
Mobil 992 10 059