60 % stilling som sjukepleiar ved legesentra

Stillinga er fast ved legesentra i kommunen, og vil alternere mellom dei to legesentra, Herøy og Myrvåg.

Du vil jobbe i eit aktivt og spanande miljø med mange utfordringar og eit høgt arbeidstempo. Legetenesta i kommunen er i stadig utvikling. Du må difor vere budd på endringar i organisering og arbeidsoppgåver.

I Herøy kommune er det viktig for oss å vise respekt, ha tillit og fremje samhandling.  Kjerneverdiane skal hjelpe oss til å nå visjonen vår, «Herøy ei båtlengd føre».

Vi ynskjer at du:

  • Er utdanna sjukepleiar, men andre med treårig helsefagleg utdanning frå høgskule (t.d. bioingeniør), kan også søkje.
  • Er serviceinstilt og arbeidar godt med andre fagpersonar
  • Tek ansvar og initiativ til å løyse ulike oppgåver
  • Har evne til å arbeide sjølvstendig, men også  som lagspelar i team
  • Har god kjennskap og evne til å sette deg inn i ulike fagprogram

Vi kan tilby:

  • Varierte arbeidsoppgåver i eit levande miljø
  • Moglegheit til fagleg utvikling
  • Ein arbeidsgjevar som er oppteken av trivsel på arbeidsplassen
  • Gode pensjonsordningar
  • Løn etter gjeldande tariff

Kommunen har nynorsk som administrasjonsmål.

Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar, i tillegg til kunnskap og erfaringar.

Politiattest må kunne leggast fram før tilsetjing.

Du skal nytte det elektroniske skjemaet når du søkjer stillinga.

Arbeidsstad: Legesentra i Herøy kommune

Stillingstype: Fast

Stillingsstorleik: 60 %

Stillingsid:     880

Søknadsfrist: 29.04.19

Tilsetjing skjer på dei vilkår som går fram av gjeldande tariffavtale, lover og reglement.

Aktuelle kandidatar vil verte kalla inn til intervju. Søkjarlista kan verte offentleggjort.

Attestar og vitnemål skal leverast på førespurnad.

Kontaktpersonar:

Jan Magne Remøy, kontorleiar Herøy legesenter, tlf. 700 81460

jan.magne.remoy@heroy.kommune.no

Torill Myklebust, kontorleiar Myrvåg legesenter, tlf. 700 80 300

torill.myklebust@heroy.kommune.no

Inger Marie Tofthagen .barn , familie og helseleiar tlf. 93874513

inger.marie.tofthagen@heroy.kommune.no