75 % stilling som miljøterapeut

Klikk for stort bilete

Bu - og habiliteringsavdelinga har ledig vikariat som miljøterapeut på Toftetun/Myklebusttun, med muligheit for fast stilling. Stillinga er ledig frå d.d. til 06.02.2020.

I Herøy kommune er det viktig for oss å vise respekt, ha tillit og fremje samhandling.  Kjerneverdiane skal hjelpe oss til å nå visjonen vår, «Herøy, ei båtlengd føre».

Toftetunet/Myklebusttun er omsorgsbustader for vaksne personar med nedsett funksjonsevne. Stillinga inneber 3-delt turnus, med f.t. arbeid tre helgar i løpet av 12 veker, kan være mellom 33,6-35,5 timers arbeidsveke. Stillinga som miljøterapeut kan innebere å vere primærkontakt og/eller koordinator. Det vert i hovudsak søkt etter vernepleiar, men andre med relevant utdanning kan også søkje.

Vi ynskjer at du:

  • har 3-årig helsefagleg/pedagogisk høgskuleutdanning og praksis.
  • har erfaring frå liknande arbeid
  • har evne til teamarbeid/samarbeid og er målretta, kreativ og strukturert
  • er løysingsfokusert og fleksibel
  • er ein føregangsperson
  • har evne til å engasjere og motivere
  • har gode kommunikasjonsevner, munnleg og skriftleg
  • kan rettleie ei personalgruppe
  • er fleksibel
  • kan bruke IKT som arbeidsverktøy
  • har førarkort
  • leverer politiattest
  • krav til helseattest

Vi tilbyr:

  • utfordrande, varierte, interessante arbeidsoppgåver og gode kollegaer
  • løn etter gjeldande tariffavtale, lover og reglement
  • IA-bedrift
  • Pensjonsordning og frivillig fritidsforsikring
  • Tverrfagleg yrkesgruppe som vernepleiar, sosionom, ergoterapeut, lærar og fagarbeidar

Kommunen har nynorsk som administrasjonsmål.

Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar, i tillegg til kunnskap og erfaringar.

Du skal nytte det elektroniske skjemaet når du søkjer stillinga.

Stillingstype: Vikariat med moglegheit for fast stilling

Stillingsstorleik: 75%

Arbeidsstad: Toftetun/Myklebusttun

Stillingsid: 875

Søknadsfrist: 07.04.2019

Tilsetjinga skjer på dei vilkår som går fram av gjeldande tariffavtale, lover og reglement.

Aktuelle kandidatar kan rekne med å verte kalla inn til intervju. Attestar og vitnemål skal leverast på førespurnad.

Søkjarlista kan verte offentleggjort.

Kontakt

Sidsel Johannessen
seksjonsleiar B, Bu og habilitering
E-post
Telefon 70 08 46 82
Mobil 908 63 291
Rose-Marie Kvalsund
avdelingsleiar Bu og habilitering
E-post
Mobil 990 98 023