80% vikarstilling som miljøterapeut - 2.gongs utlysing

Klikk for stort bileteIllustrasjonsfoto: Pixabay

 

Bu og habiliteringsavdelinga har ledig vikariat som miljøterapeut på Toftestøvegen/Avlastinga frå 01.01.19 til 01.01.2021, med høve til forlenging.

Toftestøvegen er omsorgsbustad for vaksne funksjonshemma. Avlastinga er for barn. Stillinga inneber 2-delt turnus, med arbeid fire helgar i løpet av 12 veker, 35,5 t/v. Stillinga som miljøterapeut kan innebere å vere primærkontakt og/eller koordinator. Det vert i hovudsak søkt etter vernepleiar, men andre med relevant utdanning kan også søkje.

Vi ynskjer at du:

  • har 3-årig helsefagleg/pedagogisk høgskuleutdanning og praksis.
  • har erfaring frå liknande arbeid
  • har evne til teamarbeid/samarbeid og er målretta, kreativ og strukturert
  • er løysingsfokusert og fleksibel
  • er ein føregangsperson
  • har evne til å engasjere og motivere
  • har gode kommunikasjonsevner, munnleg og skriftleg
  • kan rettleie ei personalgruppe
  • kan bruke IKT som arbeidsverktøy
  • har førarkort
  • leverer politiattest
  • krav til helseattest

Det vert lagt vekt på at søkjar er eigna for stillinga.

Vi tilbyr:

  • utfordrande, varierte, interessante arbeidsoppgåver og gode kollegaer
  • løn etter gjeldande tariffavtale, lover og reglement
  • IA-bedrift
  • Pensjonsordning og frivillig fritidsforsikring
  • Tverrfagleg yrkesgruppe som vernepleiar, sosionom, ergoterapeut, lærar og fagarbeidar

Søknaden skal leverast elektronisk i eige skjema.

Tilsettinga skjer på dei vilkår som går fram av gjeldande tariffavtale, lover og reglement.

Aktuelle kandidatar kan rekne med å verte kalla inn til intervju. Attestar og vitnemål skal leverast på førespurnad. Søkjarlista kan verte offentleggjort.

Kommunen har nynorsk som administrasjonsmål.

STILLINGSTYPE: Vikariat med høve til forlenging

STILLINGSSTORLEIK: 80 %

ARBEIDSSTAD: Toftestøvegen/Avlastinga

STILLINGSID:  842

SØKNADSFRIST: 22.01.2019

                                                                                             

KONTAKTPERSON 1: Sidsel Johannesen 7008 4682/ 9086 3291

KONTAKTPERSON 2: Rose-Marie Kvalsund 99098023