Barnehagelærar/pedagogisk leiar

Herøy kommune Oppvekst søkjer barnehagelærar/pedagogisk leiar til stillingar som måtte bli ledige i dei offentlege barnehagane. Både fulltid og deltid, faste stillingar og vikariat kan vere aktuelt.

Vi har behov for barnehagelærar/ped.leiar som:

• har godkjend barnehagelærar/førskulelærarutdanning

• er tydeleg i vaksenrolla

• vil vere med å skape eit best mogleg lærings- og arbeidsmiljø

• kan kommunisere godt på norsk, både munnleg og skriftleg

• er engasjert, målretta, kreativ, fleksibel og omgjengeleg, lærevillig og mottakeleg for rettleiing

• tek initiativ til samspel og aktivitet overfor både barn og kollegaer

• kan delta i aktiv leik inne og ute

• må kunne fylgje barnehagen sitt vaktsystem.

 Vi kan tilby:

• gode pensjonsordningar

• fagleg utvikling

• varierte og utfordrande arbeidsoppgåver

• ein arbeidsgivar som er IA-bedrift, med fokus på kvalitet og trivsel

• god oppfølging av nytilsette.

Kommunen har nynorsk som administrasjonsmål.

Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar og referansar, i tillegg til den formelle kompetansen og ansiennitet.

Politiattest må kunne leggast fram før tilsetjing.

Det er forventa at den som vert tilsett, kan arbeide i tråd med kjerneverdiane i kommunen: Respekt, tillit og samhandling.

Tilsetjing skjer på dei vilkår som går fram av gjeldande tariffavtale, lover og reglement.

Søkjarar skal nytte det elektroniske søknadsskjemaet.

Søkjarlista kan verte offentleggjort. Aktuelle kandidatar vil verte kalla inn til intervju. 

Attestar og vitnemål skal leverast på førespurnad, men vert ikkje automatisk returnert.

Arbeidsstad: Barnehagar i Herøy kommune

Stillingstype: Faste stillingar og vikariat

Stillingstorleik: Heiltid og deltid

ID-nr:  856

Søknadsfrist 8. mars 2019

Kontakt

Laila Kvalsund Solhaug
seksjonsleiar barnehage
E-post
Telefon 70 08 13 22
Mobil 926 29 488