Barnevernkonsulent

Barneverntenesta i Herøy og Vanylven har frå 01.01.2019 inngått eit interkommunalt samarbeid, der Herøy er vertskommune. Tenesta er organisert med team i kvar kommune.

Barneverntenesta har frå d.d. ledig ei engasjementstilling som Barnevernkonsulent .

Stillinga er for 1 år med høve til forlenging. Stillinga er plassert i Herøy kommune.

Vi ønskjer at du har følgande kvalifikasjonar:

  • 3-årig sosialfagleg høgskuleutdanning, barnevernpedagog/sosionom
  • Relevant vidareutdanning
  • Erfaring frå arbeid i førstelinjetenesta, barnevern

Arbeidsoppgåver:

  • Sakshandsaming etter Lov om barneverntenester
  • Jobbe i team med undersøkelse- og tiltakssaker

Vi treng at du:

  • Er strukturert og systematisk
  • Er god på munnleg og skriftleg kommunikasjon
  • Har gode samarbeidsevner
  • Sjølvstendig, engasjert og fleksibel

     

 Vi kan tilby:

  • Varierte arbeidsoppgåver i eit levande miljø
  • Veiledning
  • Fagleg utvikling
  • Ein arbeidsgjevar som er oppteken av trivsel på arbeidsplassen
  • Gode pensjonsordningar
  • Løn etter avtale

Kommunen har nynorsk som administrasjonsmål.

Stillinga kan innebere ein del reiseverksemd og ubekvem arbeidstid.

Personen som får stillinga må disponere bil.

Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar, i tillegg til kunnskap og erfaringar.

Politiattest må kunne leggast fram før tilsetjing.

Du skal nytte det elektroniske skjemaet når du søkjer stillinga.

Arbeidstad:   Herøy

Stillingstype: Barnevernkonsulent

Stillingstorleik: 100%

ID-nr:  886

Søknadsfrist: 01.05.2019

Tilsetjing skjer på dei vilkår som går fram av gjeldande tariffavtale, lover og reglement.

Aktuelle kandidatar vil verte kalla inn til intervju. Søkjarlista kan verte offentleggjort.

Attestar og vitnemål skal leverast på førespurnad, men vert ikkje automatisk returnert.

Kontakt

Evy Løfoll
leiar barnevern
E-post
Telefon 70 08 13 52
Mobil 906 40 811
Inger Marie Tofthagen
avdelingsleiar barn, familie og helse
E-post
Telefon 70 08 14 52
Mobil 938 74 513