Driftsavtale for fysioterapeut

Klikk for stort bileteFysioterapeut har ei viktig rolle i rehabilitering Roger Kvalsvik

Det er ledig fast stilling i 93,33 % som fysioterapeut  ved Herøy fysikalske institutt frå 01.05.2019

I Herøy kommune er det viktig for oss å vise respekt, ha tillit og fremje samhandling. Kjerneverdiane skal hjelpe oss til å nå visjonen vår «Herøy, ei båtlengd føre.»

Vi treng ein medarbeidar som:

  • Er offentleg godkjent fysioterapeut
  • Gjerne har erfaring frå privat praksis
  • Gjerne har erfaring med bassengtrening

Alle fysioterapeutane i Herøy er pålagd heimebehandling.

Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar, i tillegg til kunnskap og erfaringar.

Du vert ein del av seksjon rehabilitering som består av ergoterapeut, kommunal fysioterapeut, kvardagsrehabiliteringsteam og dei private fysioterapeutane i kommunen. Seksjon rehabilitering er organisert under avdeling, barn, familie og helse i helse og omsorg.

Tilsetting skjer på dei vilkår som går fram av gjeldande tariffavtale, lover og reglement.

Aktuelle kandidatar vert kalla inn til intervju. Søkjarlista kan verte offentleggjort.. Kommunen har nynorsk som administrasjonsmål.

Du skal nytte det elektroniske skjemaet når du søkjer stillinga.

Stillingstype: Fast stilling

Stillingsstorleik:  93,33 %

Stillingsid: 873

Arbeidsstad: Herøy fysikalske institutt.

Søknadsfrist: 01.04.2019

Kontakt

Roger Kvalsvik
seksjonsleiar rehabilitering
E-post