Fagarbeidarar/assistentar barn og ungdom

Herøy kommune Oppvekst vil kunne ha ledig stillingar som fagarbeidarar/assistentar i barnehage, skule og SFO, gjeldande frå 1. august 2019. Stillingane er deltidsstillingar, og kan bli både faste og vikariat, for heile skuleåret eller for ein kortare periode.

Vi har behov for fagarbeidarar / assistentar som:

  • kan vise til å ha gode relasjonar med barn og vaksne
  • er tydeleg og kan setje grenser
  • har styrke og mot til å abeide med barn med særlege behov
  • har fagleg tyngde til å arbeide med elevar på høgare klassesteg
  • kan ta initiativ og arbeide sjølvstendig

     

Vi kan tilby:

  • løn etter lov- og avtaleverk
  • utfordrande og meiningsfullt arbeid
  • IA-bedrift
  • gode pensjonsordningar

     

Kommunen har nynorsk som administrasjonsmål.

Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar og referansar, i tillegg til relevant kompetanse og ansiennitet. Fagbrev i Barne- og ungdomsarbeidarfaget kan gi eit fortrinn. Den som vert tilsett, må legge fram gyldig politiattest.

Det er forventa at den som vert tilsett, viser respekt for andre, er med og byggjer tillit og fremjar samhandling i tråd med kjerneverdiane våre.

Søkjarar skal nytte det elektroniske søknadsskjemaet.

Tilsetjing skjer på dei vilkår som går fram av gjeldande tariffavtale, lover og reglement.

Søkjarlista kan verte offentleggjort. Aktuelle kandidatar kan rekne med å verte kalla inn til intervju.

Attestar og vitnemål skal leverast på førespurnad, men vert ikkje automatisk returnert.

Arbeidsstad: Barnehagar, grunnskular/SFO

Stillingstype: Både vikariat og faste stillingar

Stillingstorleik: Varierande storleik, inntil 60%

ID-nr:  858

Søknadsfrist : 8. mars 2019

Kontakt

Brit-Synnøve Torvik
fagleiar Oppvekst
E-post
Telefon 70 08 13 86
Laila Kvalsund Solhaug
seksjonsleiar barnehage
E-post
Telefon 70 08 13 22
Mobil 926 29 488