Fagleiar barnevern

Barnevernteneste i Herøy og Vanylven har frå 01.01.2019 inngått eit interkommunalt samarbeid, der Herøy er vertskommune. Tenesta er organisert med team i kvar kommune.

Barneverntenesta  har ledig ei spanande fast stilling som Fagleiar frå 01.08.2019.

Fagleiar vil ha stedfortrederfunksjon for leiar og må pårekne ei fordeling av  arbeidstida mellom kommunane. Fagleiar skal ha eit nært samarbeid med leiar for barneverntenesta

Vi ønskjer at du har følgande kvalifikasjonar:

  • 3-årig sosialfagleg høgskuleutdanning, barnevernpedagog/sosionom
  • Vidareutdanning veiledning, anna relevant vidareutdanning
  • Erfaring frå arbeid i førstelinjetenesta barnevern
  • Erfaring med leder- og veiledningsansvar
  • Erfaring frå fylkesnemnd/tingrett
  • Erfaring med fagprogrammet Familia

I Herøy kommune er det viktig for oss å vise respekt, ha tillit og fremje samhandling. Kjerneverdiane skal hjelpe oss til å nå visjonen vår, «Herøy, ei båtlengd føre».

Arbeidsoppgåver:

  • Ansvar for dagleg oppfølging av teama sine oppgåver
  • Leiing av fagmøte
  • Ansvar for fagleg oppfølging og veiledning individuelt , i team og til nytilsette
  • Veilede og følgje opp i akutte situasjonar
  • Fagutvikling
  • Koordinere og utvikle teama innanfor dei til ei kvar tid gitte rammer
  • Oppdatert på gjeldande lover, reglar og retningsliner som er relevant for fagtenesta.
  • Fordele ansvar, oppgåver og kvalitetssikre tenesteutøvinga.

Vi treng at du:

  • Har forståing for leiarrolla og har evne til å samarbeide internt så vel som eksternt
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Sjølvstendig, engasjert, inspirerande, fleksibel og tydelig
  • Ansvarsbevisst, utviklingsorientert og målretta.

     

 Vi kan tilby:

  • Varierte arbeidsoppgåver i eit levande miljø
  • Ein arbeidsgjevar som er oppteken av trivsel på arbeidsplassen
  • Gode pensjonsordningar
  • Løn etter avtale

     

Stillinga kan innebere ein del reiseverksemd. Personen som får stillinga må disponere bil.

Kommunen har nynorsk som administrasjonsmål.

Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar, i tillegg til kunnskap og erfaringar.

Politiattest må kunne leggast fram før tilsetjing.

Du skal nytte det elektroniske skjemaet når du søkjer stillinga.

Arbeidstad: Barneverntenesta i Herøy og Vanylven

Stillingstype: Fagleiar

Stillingstorleik: 100%

ID-nr: 885  

Søknadsfrist: 01.05.2019

Tilsetjing skjer på dei vilkår som går fram av gjeldande tariffavtale, lover og reglement.

Aktuelle kandidatar vil verte kalla inn til intervju. Søkjarlista kan verte offentleggjort.

Attestar og vitnemål skal leverast på førespurnad, men vert ikkje automatisk returnert.

Kontakt

Evy Løfoll
leiar barnevern
E-post
Telefon 70 08 13 52
Mobil 906 40 811
Inger Marie Tofthagen
avdelingsleiar barn, familie og helse
E-post
Telefon 70 08 14 52
Mobil 938 74 513