Lærarstillingar i grunnskulane

Herøy kommune har desse skulane: Barneskulane Nerlandsøy, Moltu, Einedalen, Bergsøy og Leikanger. Ytre Herøy ungdomsskule. Stokksund skule 1-10.

Skulane treng lærarar til ledige undervisningsstillingar frå august 2019. Eit uspesifisert tal stillingar vert ledige, både faste, vikariat, heil- og deltid. Tilsetjingar vil bli gjort framover våren, når behovet ved den einskilde skule vert klart.

Vi har behov for lærarar som:

  • er fagleg dyktige
  • er sterke på klassedeling og relasjonar
  • kan bruke digitale verktøy i undervisninga
  • er gode på samarbeid og samhandling
  • er opptekne av å skape trivsel på arbeidsplassen

 Vi kan tilby:

  • God oppfølging av nytilsette
  • Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver
  • Fagleg utvikling
  • IA-bedrift, og ein arbeidsgjevar med fokus på kvalitet og trivsel        
  • Gode pensjonsordningar

Kommunen har nynorsk som administrasjonsmål.

Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar og referansar, i tillegg til den formelle kompetansen og ansiennitet.

Det er forventa at den som vert tilsett, kan arbeide i tråd med kjerneverdiane respekt, tillit og samhandling.

Vi arbeider for kjønnsmessig balanse i personalgruppa, og menn vil dermed kunne ha eit fortrinn.

For dei fleste stillingane vil lærarar med minimum 60 stp i engelsk, matematikk, norsk, tysk eller spansk ha eit fortrinn. Det same gjeld vidareutdanning i spesialpedagogikk eller rådgiving/sosialpedagogikk.

Den som vert tilsett, må legge fram gyldig politiattest.

Søkjarar skal nytte det elektroniske søknadsskjemaet som ligg på Herøy kommune si heimeside: www.heroy.kommune.no

Tilsetjing skjer på dei vilkår som går fram av gjeldande tariffavtale, lover og reglement.

Aktuelle kandidatar vil verte kalla inn til intervju. Søkjarlista kan verte offentleggjort.

Attestar og vitnemål skal leverast på førespurnad, men vert ikkje automatisk returnert.

Arbeidsstad: Grunnskulen i Herøy

Stillingstype: Undervisningsstillingar

Stillingstorleik: Heil- og deltid

Stillings-ID: 855

Søknadsfrist 8. mars 2019

Kontakt

Sølvi Lillebø Remøy
kommunalsjef
E-post
Telefon 70 08 13 87
Mobil 957 64 125
Hilde Beate Hestås
fagleiar Oppvekst
E-post
Telefon 70 08 13 85
Mobil 975 42 422