Ledige fastlegeheimlar

Det er ledig to fastlegeheimlar med 750 listepasientar kvar ved Herøy legesenter.

I Herøy kommune er det viktig for oss å vise respekt, ha tillit og fremje samhandling.  Kjerneverdiane skal hjelpe oss til å nå visjonen vår, «Herøy, ei båtlengd føre».

Heimlane er kombinert med kommunelegestilling inntil 7,5 t/veke. Kontorleiar for legesenteret er tillagt den eine heimelen. Denne delen av stillinga er fastløna. Det vil også i tillegg kunne påreknast større fastlønna stilling.

Herøy legesenter er eit 7-legekontor med fastlegar/kommunelegar.

Kontoret er kommunalt eigd og drive, med svært gunstig avtale.

Har du norsk autorisasjon som lege og har gode munnlege og skriftlege norsk-kunnskapar, blir du med dette oppfordra til å søke.

Legevakta er delt. Det er legevaktsamarbeid med Sande kommune på ettermiddag, kveld og helg, 16-18 delt. Større interkommunalt nattlegevaktsamarbeid. Samtlege arbeidsstadar har SystemX.

Kommunen har nynorsk som administrasjonsmål.

Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar, i tillegg til kunnskap og erfaringar.

Du skal nytte det elektronisk skjemaet når du søkjer stillinga.

Tilsetjing skjer på dei vilkår som går fram av gjeldande tariffavtale, lover reglement.

Aktuelle kandidatar vil verte kalla inn til intervju.  Søkjarlista kan verte offentleggjort.

Arbeidsstad: Herøy legesenter

Stillingsid:     868

Søknadsfrist: 09.04.19

Kontakt

Torill Myklebust
kommuneoverlege
E-post
Telefon 70 08 14 31
Mobil 992 10 018
Inger Marie Tofthagen
avdelingsleiar barn, familie og helse
E-post
Telefon 70 08 14 52
Mobil 938 74 513