Rådgivar i PP-Tenesta, 80% stilling  - førebels vikariat

Vi har no ei ledig stilling i PP-Tenesta i Herøy kommune. Du skal kunne støtte barnehagar, grunnskular og vidaregåande skule i arbeid med kompetanse- og organisasjonsutvikling. Sakkunnig arbeid etter opplæringslova, samt tverrfagleg forebyggande arbeid.

Vi treng ein medarbeidar som har:

  • Høgare utdanning innan pedagogikk (primært grunnskulelærar), alternativt
  • sosialpedagogikk, logopedi eller psykologi.
  • Spesialpedagogisk vidareutdanning, gjerne med kompetanse innanfor språk, åtferd og/eller autisme
  • Evne til å arbeide systematisk og analytisk
  • Evne til samarbeid, kommunikasjon og relasjonsbygging
  • Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg


Vi kan tilby:

  • Varierte arbeidsoppgåver innan eit spennande og utfordrande fagfelt
  • Deltaking på fagsamlingar og etterutdanning
  • Eit etablert tverrfagleg samarbeid i kommunen
  • Ein arbeidsgjevar med fokus på kvalitet og utvikling
  • Løn etter avtale


Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar og referansar, i tillegg til den formelle kompetansen. Kompetanse innan elev- og læringsmiljø, klasseleiing  og/eller inkludering kan gi eit fortrinn.

Det er nødvendig å kunne bruke eigen bil i tenesta.

Politiattest må kunne leggast fram før tilsetjing.

Tilsetjing snarast, og etter avtale.

Søkjarar skal nytte elektronisk søknadsskjema. 

Tilsetjing skjer på dei vilkår som går fram av gjeldande tariffavtale, lover og reglement. Aktuelle kandidatar vil verte kalla inn til intervju.

Kommunen har nynorsk som administrasjonsmål.

Attestar og vitnemål skal leverast på førespurnad, men vert ikkje automatisk returnert. Søkjarlista kan verte offentleggjort.

Stillingstype: Vikariat førebels til juli 2019, med mogleg overgang til fast stilling

Stillingsstorleik: 80%

Stillings-ID: 835

Arbeidsstad: PPT Herøy

Søknadsfrist: 17.desember 2018

Kontakt

  • Leiar for PPT Grete Dalhaug Berg tlf 94857848 /95243464, E-post: grete.dalhaug.berg@heroy.kommune.no
  • Fagleiar Oppvekst Hilde Hestås, tlf. 97542422,  E-post: hilde.hestas@heroy.kommune.no

Kontakt

Grete Dalhaug Berg
PPT leiar
E-post
Mobil 948 57 848
Hilde Beate Hestås
Fagleiar Oppvekst
E-post
Telefon 70 08 13 85