Rådgivar i PPT-tenesta

PPT-rådgivar skal støtte barn og vaksne i barnehagar, grunnskular og vidaregåande skule i arbeid med å nå mål for fagleg og sosial utvikling. PPT er også sakkunnig instans etter opplæringslova, for vurdering og tilråding om spesialundervisning. I Herøy arbeider PPT i eit tverrfagleg samarbeid med andre fagmiljø. Det vert lagt vekt på kjerneverdiane respekt, tillit og samhandling.

Vi treng medarbeidarar som har:

• Høgare utdanning innan pedagogikk (primært grunnskulelærar), alternativt sosialpedagogikk, logopedi eller psykologi.

• Spesialpedagogisk vidareutdanning, gjerne med kompetanse om åtferdsvanskar og om autismespekteret

• Evne til å arbeide systematisk og analytisk

• Evne til samarbeid, kommunikasjon og relasjonsbygging

• Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg

 Vi kan tilby:

• Varierte arbeidsoppgåver i eit spennande og utfordrande fagfelt

• Deltaking på fagsamlingar og etterutdanning

• Eit etablert tverrfagleg samarbeid i kommunen

• Ein arbeidsgjevar med fokus på kvalitet og utvikling

• Løn etter avtale

• Gode pensjonsordningar

Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar og referansar, i tillegg til den formelle kompetansen. Kompetanse innan læringsmiljø, klassedeling, inkludering og systemarbeid i skule og barnehage kan gi eit fortrinn.

Det er nødvendig å kunne bruke eigen bil i tenesta.                                                                    Politiattest må kunne leggast fram før tilsetjing.                                                                                         

Det kan bli tilsetjing både i ei fast stilling og i eit vikariat, 80 – 100%.

Tilsetjing snarast, og etter avtale.

Du skal  nytte det elektroniske skjemaet når du søkjer stillinga.

Arbeidsstad: PPT Herøy

Stillingstype: Fast og vikariat

Stillingstorleik: 80 – 100%

ID-nr:  859

Søknadsfrist 8. mars 2019

Tilsetjing skjer på dei vilkår som går fram av gjeldande tariffavtale, lover og reglement.

Aktuelle kandidatar vil verte kalla inn til intervju. Søkjarlista kan verte offentleggjort.

Kommunen har nynorsk som administrasjonsmål.

Attestar og vitnemål skal leverast på førespurnad, men vert ikkje automatisk returnert.

Kontakt

Grete Dalhaug Berg
PPT leiar
E-post
Telefon 70 08 17 42
Hilde Beate Hestås
fagleiar Oppvekst
E-post
Telefon 70 08 13 85
Mobil 975 42 422