Rektor ved Moltu skule

Moltu skule er ein skule for 1.-7. trinn, med ca. 45 elevar. Skulen har fokus på å skape eit godt miljø for læring og utvikling for alle.

I Herøy kommune er det viktig å vise respekt, byggje tillit og fremje samhandling. Rektor skal leie skulen slik at alle elevar har eit trygt og godt læringsmiljø, og dei tilsette eit godt arbeidsmiljø. Det skal leggast til rette for trivsel og læring, gjennom dagleg drift og langsiktig utvikling.

Vi treng ein rektor som:

  • Har høgare utdanning innan pedagogikk og gjerne også leiing
  • Har gode leiareigenskapar
  • Har erfaring med skuleutvikling
  • Kan vise til resultat i arbeidet sitt som lærar og leiar
  • Er god på samarbeid og kommunikasjon
  • Er oppteken av å utvikle gode lærings- og arbeidsmiljø
  • Har fleire års erfaring frå grunnskulen, helst både som lærar og leiar

 Vi kan tilby:

  • Spennande utfordringar, med høve til læring og utvikling
  • Eit utviklingsorientert og støttande leiarteam på kommunenivå
  • IA-bedrift, og ein arbeidsgjevar med fokus på kvalitet og trivsel

Kommunen har nynorsk som administrasjonsmål.

Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar og referansar, i tillegg til den formelle kompetanse.

Politiattest må kunne leggast fram før tilsetjing.

Du skal  nytte det elektroniske skjemaet når du søkjer stillinga.

Arbeidsstad: Moltu skule

Stillingstype: Fast

Stillingstorleik: 100%

ID-nr:  851

 Tilsetjing skjer på dei vilkår som går fram av gjeldande tariffavtale, lover og reglement.

Aktuelle kandidatar vil verte kalla inn til intervju. Søkjarlista kan verte offentleggjort.

Attestar og vitnemål skal leverast på førespurnad, men vert ikkje automatisk returnert.

Søknadsfrist 8. mars 2019

Kontakt

Sølvi Lillebø Remøy
kommunalsjef
E-post
Telefon 70 08 13 87
Mobil 957 64 125
Hilde Beate Hestås
fagleiar Oppvekst
E-post
Telefon 70 08 13 85
Mobil 975 42 422