Støttepedagog til barnehagane, vikariat

Det er ledig stilling som støttepedagog for barnehagane i Herøy. Stillinga vert knytt til barn/barnegrupper i både kommunale og private barnehagar. Den som vert tilsett, skal samarbeide med spesialpedagog og andre fagmiljø rundt barn med ulike behov. Stillinga rapporterer til seksjonsleiar for barnehagane.

Vi har behov for ein støttepedagog som:

  • har godkjend barnehagelærar/førskulelærarutdanning eller anna ped. utdanning med tilleggsutdanning i småbarnspedagogikk/ barnehagepedagogikk. Vidareutdanning i spesialpedagogikk og/eller migrasjonspedagogikk kan vere ein fordel
  • er tydeleg i samspel med barn og vaksne
  • vil vere med på å skape eit best mogleg lærings- og arbeidsmiljø i barnehagane
  • kan kommunisere godt på norsk, både munnleg og skriftleg
  • har god evne og vilje til samarbeid med andre i fagmiljøet
  • er engasjert, målretta, kreativ, fleksibel og omgjengeleg, lærevillig og mottakeleg for rettleiing

     

Vi kan tilby:

  • gode pensjonsordningar
  • IA-bedrift, med eit inkluderande og godt arbeidsmiljø
  • fagleg utvikling i tverrfagleg samarbeid

     

Kommunen har nynorsk som administrasjonsmål.

Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar og referansar, i tillegg til den formelle kompetansen og ansiennitet.

Søkjarar skal nytte det elektroniske søknadsskjemaet.

Søkjarlista kan verte offentleggjort. Aktuelle kandidatar kan rekne med å verte kalla inn til intervju.

Tilsetjing skjer på dei vilkår som går fram av gjeldande tariffavtale, lover og reglement.

Den som vert tilsett, må disponere eigen bil, samt legge fram gyldig politiattest.

Attestar og vitnemål skal leverast på førespurnad, men vert ikkje automatisk returnert.

Arbeidsstad: Kommunale og private barnehagar

Stillingstype: Vikariat

Stillingstorleik: 100%

ID-nr:  857

Søknadsfrist 8. mars 2019

Kontakt

Laila Kvalsund Solhaug
seksjonsleiar barnehage
E-post
Telefon 70 08 13 22
Mobil 926 29 488