I Herøy kommune er det viktig å vise respekt, byggje tillit og fremje god samhandling. Styrar skal leie barnehagen slik at alle barn har eit trygt og godt miljø, og dei tilsette eit godt arbeidsmiljø. Det skal leggast til rette for trivsel og utvikling, gjennom dagleg drift og langsiktig arbeid.
Vi treng ein styrar som:
• Har barnehagefagleg utdanning, og gjerne også kompetanse i leiing
• Har gode leiareigenskapar
• Har erfaring med utviklingsarbeid
• Er god på samarbeid og kommunikasjon
• Er oppteken av å utvikle gode lærings- og arbeidsmiljø
• Har fleire års erfaring frå barnehage, helst både som barnehagelærar og leiar
Vi kan tilby:
• Spennande utfordringar, med høve til læring og utvikling
• Eit utviklingsorientert og støttande leiarteam på kommunenivå
• IA-bedrift, og ein arbeidsgivar med fokus på kvalitet og trivsel
Kommunen har nynorsk som administrasjonsmål.
Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar og referansar, i tillegg til den formelle kompetanse.
Politiattest må kunne leggast fram før tilsetjing.
Du skal nytte det elektroniske skjemaet når du søkjer stillinga.
Arbeidsstad: Leikanger barnehage
Stillingstype: Fast
Stillingstorleik: 100%
ID-nr: 853
Søknadsfrist 8. mars 2019
Tilsetjing skjer på dei vilkår som går fram av gjeldande tariffavtale, lover og reglement.
Aktuelle kandidatar vil verte kalla inn til intervju. Søkjarlista kan verte offentleggjort.
Attestar og vitnemål skal leverast på førespurnad, men vert ikkje automatisk returnert.