Tilkallingsvikarar

Her kan du søkje jobb som tilkallingsvikar i Herøy kommune. Det er ingen søknadsfrist, du kan søkje når som helst i løpet av året. 

Barnehage - tilfeldig vikar ID= 549

Barnehagane i Herøy treng i periodar vikarar for kortare eller lengre vikariat. Personar som ønskjer å stå på ei slik vikarliste kan registrere sin interesse i eige skjema. Løn etter kvalifikasjonar og gjeldande regulativ. Det vert stilt krav om politiattest av ny dato.

Reinhaldar - tilfeldig vikar ID= 551

Herøy kommune treng i periodar vikarar som reinhaldar for kortare eller lengre tid. Personar som ønskjer å stå på ei vikarliste kan registrere sin interesse i eige skjema. Løn etter kvalifikasjonar og gjeldande regulativ.

Vikarar i Bu- og habiliteringavdelinga ID=543

Bu- og habiliteringsavdelinga har behov for time-/tilkallingsvikarar ved omsorgsbustadane og avlastinga. Dette gjeld vakter både på vekedagar og/eller i helgar. Vi søkjer helst fagarbeidarar, men andre kan også søkje. For å arbeid hos oss må du levere nyare politiattest og det er ein føremon å ha sertifikat for bil. Her søkjer du. 

Personlege eigenskapar som vert vektlagde:

  • Ha evne til å arbeide sjølvstendig.
  • Vere fleksibel og kreativ.
  • Gode samarbeidsevner.
  • Medverke til å skape ein god kvardag for brukarane.
  • Trivast med å arbeide med menneske.

Lærarar - tilfeldig vikar ID= 552

Skulane i Herøy treng i periodar lærarvikarar for kortare eller lengre vikariat. Personar som ønskjer å stå på ei slik vikarliste kan registrere sin interesse i eige skjema. Løn etter kvalifikasjonar og gjeldande regulativ. Det vert stilt krav om politiattest av ny dato.

Assistent i skulen - tilfeldig vikar ID= 550

Skulane i Herøy treng i periodar vikarar som assistent for kortare eller lengre tid. Personar som ønskjer å stå på ei vikarliste kan registrere sin interesse i eige skjema. Løn etter kvalifikasjonar og gjeldande regulativ. Det vert stilt krav om politiattest  av ny dato.